Hopp til innhald
Øving

Grunnsmakane

Dette er ei praktisk oppgåve der du skal bli betre kjend med grunnsmakane og korleis dei påverkar korleis du oppfattar smak.

Læraren bør på førehand ha gitt ei innføring i temaet sensorikk, grunnsmakar og korleis ein smakar/luktar på ein drikk.

Utstyr

Kvar elev skal ha

  • ein bit av grunnsmakane på ein tallerken. Dette kan til dømes vere:
    • surt = sitronskive
    • søtt = sukkerbit
    • bittert = bit med ruccolasalat
    • salt = salt potetgull eller kjeks
    • umami = parmesanost
  • eit glas med alkoholfri drikke, til dømes kvitvin (vinglaset bør vere forma slik at det er lett å lukte på drikken)
  • vassglas
  • smaksskjema

Slik blir oppgåva gjennomført

  1. Læraren skjenkjer litt av den alkoholfrie vinen til kvar elev. Eleven skal først lukte på vinen og beskrive kva han luktar.
  2. Elevane fyller inn i rada "eigne notat" kva dei trur er eit døme på kvar grunnsmak.
  3. Deretter smakar elevane på vinen og fyller inn i smaksskjemaet om dei synest vinen er lite god, god eller særs god.
  4. Elevane skal så ta ein bit av første grunnsmak og deretter smake på vinen igjen og fylle inn i skjemaet korleis dei oppfattar smaken. Mellom kvar grunnsmak er det viktig at elevane skyl munnen med vatn.
  5. Elevane gjentek same prosedyre som i punkt 3 for alle grunnsmakane.

Det er viktig å bruke god tid mellom smakingane, og det er viktig at alle smakar samtidig. Læraren må delta på smakinga og få elevane til å dele erfaringane sine.

Forslag til smaksskjema

Skjemaa er òg tilgjengelege for nedlasting under.

smaksskjema for grunnsmakane

Anna

Salt

Surt

Bittert

Umami

Søtt

eigne notat



smaksskjema for drikke

Anna

Mindre god

God

Særs god

eigne notat




smaksskjema for grunnsmakane med drikke

Verdiar

Surt

Salt

Bittert

Umami

Søtt

betre

mindre god

same

Filer