Kyllingrett med ulik konsistens - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kyllingrett med ulik konsistens

I denne oppgåva skal klassen delast i grupper og lage ein kyllingrett med ulike tillagingsmetodar og konsistensar.

Oppgåve 1. Tillaging

Klassen blir delt i grupper på to eller tre. Alle gruppene får utdelt følgande hovudråvarer:

  • brystfilet av kylling

  • gulrot

  • brokkoli

  • blomkål

  • potet

Gruppe 1

Denne gruppa skal

  • posjere kyllingbrystet

  • koke gulrot, blomkål, brokkoli og potet

  • lage ein valfri saus

Gruppe 2

Denne gruppa skal

  • pannesteike kyllingbrystet

  • pannesteike gulrotstavar, brokkoli- og blomkålbukettar

  • pannesteike små båtar av potet

  • lage ein valfri saus

Gruppe 3

Denne gruppa skal

  • omnsbake kyllingbrystet

  • lage gulrotkrem

  • pannesteike brokkoli- og blomkålbukettar

  • koke poteter

  • lage ein valfri saus

Oppgåve 2. Presentasjon og smaking

  • Alle gruppene legg opp rettane sine på tallerken. Legg opp slik at retten ser delikat og freistande ut.

  • Alle gruppene smaker på dei ulike variantane.

Oppgåve 3. Vurdering

  • Kva slags konsistens kjenner du i dei ulike rettane? (Blaut, mjuk, hard, sprø?)

  • Kva gruppe laga den mest spennande maten med tanke på konsistens?

  • Har variasjon av tillaging og konsistens noko å seie? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Kva rett likte du best, og kvifor?

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023