Hopp til innhald

Fagstoff

Fruktose og glukose

Vi har ulike søtstoff som har ulike bruksområde. Glukose blir mykje brukt i konditorbransjen. Fruktose smakar litt søtare enn sukker og er ein del brukt i industrien.
 Ein konditor strør melis over ferdiglaga krembollar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glukose

Glukose er eit karbohydrat og blir også kalla for druesukker. Det finst opphavleg i frukt og bær. Glukose er framstilt av maisstive og smakar mindre søtt enn sukker. Glukosen som blir brukt i konditorbransjen er flytande.

Bruksområde

Ei skei med glukose. Foto.

Glukose blir mykje brukt i konditorbransjen for å få rett konsistens på det bestemte produktet.

Glukose gjer

  • marsipanen smidig
  • konfekten mjuk
  • marshmallows smidige og seige
  • at ulike massar, til dømes karamellar, ikkje sukrar seg

Fruktsukker

Fruktsukker er like søtt som sukker og finst naturleg i frukt, bær, grønsaker og honning. Fruktsukker blir brukt ein del i industrien fordi det er billegare enn sukker og ein kan bruke mindre mengde av det. Det finst òg små pakkar å få kjøpt for forbrukaren.

Bruksområde og eigenskapar

Ein pakke med fruktsukker. Foto.
  • Fruktsukker eignar seg godt til å bruke i kalde rettar.
  • Det løyser seg lett opp i mat.

Fruktsukker er søtare enn vanleg sukker. Det kan derfor vere greitt å redusere sukkermengda i ei oppskrift dersom du bruker fruktsukker.

  • 1 dl fruktsukker veg 70 gram, medan 1 dl vanleg sukker veg 90 gram.

Næringsinnhald

Fruktsukker inneheld 100 g karbohydrat per 100 g vare.

Fruktsukker gir ikkje så høg blodsukkerstiging som sukker, og mange diabetikarar vil derfor helst bruke fruktsukker. Det inneheld derimot like mange kaloriar, men har ein låg glykemisk indeks.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Sensorikk og smak