Hopp til innhald

Fagstoff

Honning

Honning er eit naturprodukt utan tilsetjingsstoff, som i hovudsak består av 80 % karbohydrat (fruktsukker og glukose). Honninga får smak, lukt og karakter alt etter kor biene samlar nektar frå.
Birøktar i arbeid med å kontrollere brett frå bikuben. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Honninga smakar først og fremst søtt, men ein kan òg kjenne andre smakar som syre, beisk smak og umami.

Sommarhonning
er ein mild og lys honningtype som er noko lysare enn lynghonning. Biene hentar nektar frå blomane til bringebær, blåbær, frukttre, kløver og løvetann.
Lynghonning
er ein mørkare og litt sterkare honningtype. Biene hentar nektar frå røsslyng.

Produksjon

Biene lagrar honninga i voksceller i bikuben. For å få honninga ut av vokscella blir det brukt ei sentrifuge, som slyngar honninga ut. Ein kan auke haldbarheita ved å varme opp honninga mot 50 °C slik at noko av vatnet fordampar.

Kvalitet

Ei dame som et honning. Foto
  • Ei god honning har ein finkorna og smørliknande konsistens.
  • Kor fast honninga er, kjem an på kor mykje vatn det er i ho.
  • Somme typar honning er flytande, som akasiehonning, fordi ho inneheld svært mykje fruktose. Flytande honning blir ikkje produsert i Noreg.

Bruksområde

Bilete av chèvre med honning. Foto.

Honning kan nyttast i ulike kaker, kjeks og dessertar. I matlaging kan ein nytte honning i marinadar og dressingar. Sukker kan bytast ut med honning i dei fleste rettar.

1/2 dl honning svarar til 1 dl sukker.

Oppbevaring

Honning bør oppbevarast i romtemperatur, og ho er haldbar i mange år.

Næringsstoff

Honning inneheld i motsetning til sukker litt vitamin, mineral og aminosyrer. Ein kan elles finne ein del antioksidantar i honning, og då særleg i den typen som er mørkast. Innhaldet av antioksidantar varierer, alt etter kva for plantar honninga er hausta frå.

Nyare forsking viser at honning er med på å styrkje immunforsvaret og bidreg til ei betre helse.

Historie

Honning er den eldste sukkerkjelda vår, og det er funne spor etter bruk av honning heilt frå bronsealderen. I vikingtida var det vanleg å lage mjød til drikke. I denne alkoholhaldige drikken var honning ein svært viktig ingrediens. I tillegg brukte ein òg honning i kaker og dessertar.

Viktig

Honning kan innehalde spor av bakterien Clostridium botulinum, og barn under eitt år skal derfor ikkje ha honning. Dei har ikkje bakteriar i tarmen som kan bryte ned denne bakterien.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Sensorikk og smak