Hopp til innhald
Fagartikkel

Urter

Urter er velduftande og aromatiske, og hovudregelen for bruk av urter er enkel: Bruk masse! Det er til dømes nesten umogeleg å bruke for mykje frisk basilikum, som saman med tomat alltid er ein smakssuksess. Urter er eit samleomgrep for ei rekke planteartar som blir brukte til mat eller i medisin.

Bruksområde for urter

Friske urter kan gi maten ein fantastisk smak og aroma. Det finst mange ulike typar urter med ulike bruksområde, men felles for dei alle er at dei er flotte som smaksetjarar – for urter gjer god mat endå betre.

Mange krydderurter taper smak ved koking og bør derfor tilsetjast rett før servering. Ved å bruke friske krydderurter i maten tilset du ein ekstra smaksdimensjon til maten, og du kan gjerne bruke litt mindre salt.

I den korte filmen under kan du lære meir om kva dei ulike urtene passar til, og korleis du bruker dei.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Haldbarheit

Urter er ferskvare og har avgrensa haldbarheit. Dei er som regel produserte for å bli brukte innan kort tid. Urter i potter klarer seg som regel betre enn avskorne urter i bunt. Urter i potter trivst best på ein solrik plass og må vatnast jamleg, sett gjerne potta på ei skål og vatn frå botnen. Avskorne urter i bunt bør oppbevarast kjølig.

Får du ikkje brukt opp urtene dine, kan du henge dei til tørk eller fryse dei ned.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Dei vanlegaste urtene

Her kan du lese meir om kvar enkelt urt og kva dei eignar seg til:

Basilikum

Basilikum har ein søt og aromatisk smak og kan brukast til mange rettar. Han passar spesielt godt saman med tomat, men òg saman med lauk og kvitlauk. Han blir brukt mykje til italiensk matlaging, til dømes i pasta og pizzasaus. Han speler hovudrolla i urtesausen pesto.


Timian

Timian har ein kraftig og aromatisk smak og passar spesielt godt til kjøttrettar, men òg til mykje anna. Han er fin å bruke i sausar, supper og til pizza og pasta.



Oregano

Oregano er eit velkjent pizzakrydder, og det er fordi tomat og oregano passar ypparleg saman. Smaken er sterk og aromatisk. Oregano kan brukast i tomatsaus, til pasta, gryterettar og i salatar for å nemne noko.


Persille

Vi har fleire typar persille. Best kjend i Noreg er kruspersille, som har krusete blad, og bladpersille, som har glatte blad. Persille er ei anvendeleg urt og kan brukast til mykje. Han eignar seg spesielt godt til fiskerettar, i dressingar, marinadar, urtesmør og sausar. Han blir gjerne brukt til å strø over kokte poteter og til å pynte med.



Rosmarin

Rosmarin passar godt til kjøttrettar, spesielt lam og svin. Han blir brukt mykje til grillmat, anten det er kjøtt, fisk eller grønsaker. Elles passar rosmarin til vilt, gryterettar, sausar, tomatrettar og omnsbakte poteter. Han smaker òg nydeleg som smakstilsetjing i brøddeig eller topping på focaccia. Rosmarin, kvitlauk og persille er ein god smakskombinasjon.

Koriander

Koriander har ein sterk sitrusliknande smak og passar godt til asiatiske rettar. Han blir mykje brukt i karrirettar, fiskerettar, kyllingrettar og salatar. Han er uunnverleg i salsa og i guacamole. Koriander passar godt saman med andre krydder, som til dømes ingefær, chili og kaffirlime.

Dill

Dill har ein karakteristisk smak og passar godt til all slags sjømat som fisk, skaldyr og skjel. Han blir brukt til gravlaks, kokte poteter og i stuingar, salatar og dressingar. Dill er dekorativ og fin til å pynte ulike matrettar eller fat med.

Estragon

Estragon har ein anisliknande smak. Han passar godt til rettar som blir laga med kylling, fisk eller egg. Estragon er fin å bruke i marinadar, dressingar, urteoljer og sausar. Estragon er uunnverleg i bearnés.

Salvie

Salvie har ein ganske kraftig og krydra smak og bør brukast med litt varsemd. Han blir som regel brukt i varme rettar, gjerne saman med andre urter som persille, oregano og basilikum. Urta kler godt litt feite rettar, og ho blir gjerne brukt i pølser, farse og til svin, and og gås. Salvie er òg nydeleg til kylling og kalv.


Graslauk

Graslauk er ei mykje brukt urt i Noreg, og han har ein mild, god laukaroma. Han er vanleg å bruke til eggrettar, rettar av potet, til fisk og i fiskesuppe, dressingar, urteolje og sausar.


Kjørvel

Kjørvel har ein mild og persilleaktig smak. Han blir brukt til salatar, sausar og supper og til rettar av kylling, kalv eller fisk.


Mynte

Mynte har kraftig duft og smak og finst i mange variantar. Mynte blir brukt som krydder til til dømes lammekjøtt og fiskerettar, grønsaksrettar og til kryddersmør. Han kan òg brukast i drinkar og te.

Sitronmelisse

Sitronmelissen har, som namnet tilseier, mild duft og smak av sitron. Vi tenker ofte på denne urta som ei desserturt, sidan ho blir mest brukt som ingrediens og pynt i dessertar, fruktsalatar og drikker.