Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sanseløype

Alle dei fem sansane våre er viktige når vi skal smake på og bedømme mat. I denne oppgåva skal de jobbe med desse sansane på ulike måtar.
Teikning av hjerne med strekar ut til hand, auge, øyre, munn og nase. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kjenner du igjen grunnsmakane?

Læraren har på førehand blanda ut nokre løysningar av sukrose (søt), natriumklorid (salt), sitronsyre (sur) og koffein (bittert) i vatn i ulike konsentrasjonar. Den same smaken kan gjerne blandast i fleire beger med ulik styrke. Merk drikkebegera med tal, og del ut til elevane. Kvar elev må òg ha reint vatn til skyljing av munnen etter kvar prøve. Elevane får så eit skjema der dei kryssar for kva smak dei kjenner igjen.

døme på skjema
Smaksprøve nr.SøtSurBitterSaltNotat
1x

Gå gjennom fasiten, så kan elevane sjå kor mange dei klarte å kjenne igjen. Er det ein supersmakar i klassen?

Oppgåve 2. Kjenner du igjen lukta?

Læraren legg små bitar av ulike matvarer i ein behaldar som blir dekt med aluminiumsfolie. Stikk hol i folien, slik at elevane kan lukte, men ikkje sjå matvara. Merk behaldarane med tal, og la kvar enkelt elev få lukte og skrive ned det dei assosierer med lukta. Kor lett er det å kjenne igjen ei matvare på lukta utan å kunne sjå ho?

Oppgåve 3. Smake med og utan luktesansen

Læraren deler opp små bitar av eple, og deler ut to bitar til kvar elev. La kvar elev halde seg for nasen mens dei smaker på den første eplebiten. La så elevane fjerne handa frå nasen og smake på den andre biten. Var det nokon forskjell på korleis eplet smakte?

Oppgåve 4. Påverkar lyd og lys smaksopplevinga?

I denne oppgåva skal elevane undersøke om same type mat smaker likt i to ulike rom med ulik lyd og lys. Læraren må på førehand ha gjort klar to rom. Det eine rommet har dempa belysning og roleg musikk. Det andre rommet har sterk belysning og rask, oppløftande musikk. Smaker den same maten likt eller ulikt i dei to romma?

Kjelde

Field, L. (2014, 30. august). Lyder påvirker hvordan mat smaker. Forskning.no. https://forskning.no/menneskekroppen-musikk/lyder-pavirker-hvordan-mat-smaker/545440

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2023

Læringsressursar

Sensorikk og smak