Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei bestilling via e-post

Ver bevisst på korleis du kommuniserer med eksterne. Her får du i oppdrag å bestille eit produkt for ein kunde hos ein leverandør.
Elevar i klasserom som snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Diskuter i grupper på 2–3 elevar

  1. Korleis kan de representere arbeidsplassen på ein god måte når de kommuniserer med kundar og leverandørar?
  2. Kva slags produkt er aktuelt å bestille innanfor yrkesretninga dykkar?
  3. Bestem dykk for ein kunde og kva slags produkt hen vil at de skal bestille. Finn så ein leverandør som de ser for dykk at de kan kontakte.
Tre unge menneske les på skjerm mens dei skriv på tastaturet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: E-post

  1. Skriv ein e-post til salskontoret der du bestiller den aktuelle vara. I staden for å leggje inn e-post-adressa til firmaet, legg du e-post-adressene til eleven/elevane du samarbeider med inn i kopifeltet.
  2. Sjå for dykk at vara er skadd når ho blir levert. Diskuter i gruppa korleis det er best å løyse dette. Er det lurt å sende e-posten når du er sint? Bør du be om kompensasjon?
  3. Skriv ein ny e-post til leverandøren, der du klagar på sendinga og ber om nytt produkt. Målet ditt er å få til eit framleis godt samarbeid med leverandøren, i tillegg til kompensasjon og rask aksjon på klagen. Så tenk over korleis du formulerer deg.

    I staden for å leggje inn e-postadressa til firmaet, legg du e-postadressene til eleven/elevane du samarbeider med inn i kopifeltet.
  4. Les kvarandre sine e-postar og diskuter korleis de oppfattar kommunikasjonen. Bør nokon av formuleringane endrast?
  5. Skriv til slutt ein e-post der du informerer kunden din om at vara blir forseinka.
E-post-ikon svevar over ein laptop. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker, Cathrine Meyer Johansen, Magnar Lynglund, Marit Frøydis Lindtner og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling