Hopp til innhald

Fagstoff

Stillingsutlysing

Om du nokon gong har søkt jobb, har du sikkert lese stillingsannonsar. Desse annonsane er det viktigaste verktøyet bedrifter har når dei skal nå fram til aktuelle kandidatar i ein rekrutteringsprosess.
Ei ung kvinne snakkar med tre kollegaer på ein arbeidsplass. Dataskjerm i bakgrunnen. Foto.

Kva er ei stillingsutlysing?

Ei stillingsutlysing er ei kunngjering om at ei bedrift treng fleire tilsette. Utlysinga blir forma som ein annonse, nærare bestemt ein stillingsannonse.

Ein stillingsannonse har fleire oppgåver. Først og fremst fortel han at bedrifta treng ein ny person, og kva kompetanse personen skal ha. Annonsen skal fange interessa til aktuelle søkjarar. Det er òg lov å skryte litt av bedrifta i ein stillingsannonse. Det er ei moglegheit for positiv profilering.

Utforming av stillingsannonsen

Stillingsannonsen bør vere informativ og ærleg, men også spennande. Du må gjerne vere kreativ, men seriøs. I ei stor bedrift med HR-avdeling har de sannsynlegvis ein mal for oppsettet av annonsen. I ei lita bedrift kan du søkje råd hos marknadsførings- eller salsansvarleg i tillegg til hos dagleg leiar.

Desse punkta er sjølvsagde i alle stillingsannonsar:

  • stillingstittel
  • arbeidsoppgåver
  • ønskte kvalifikasjonar (utdanning, erfaring, personlege eigenskapar)
  • informasjon om arbeidsgivar
  • frist og kontaktperson
Les meir om stillingsannonsar

Tips om å lage ein treffsikker stillingsannonse, frå Navs nettsider

Kvalifikasjonar, skal- og bør-krav

I stillingsannonsen er det ofte vanleg å dele inn kvalifikasjonar i skal- og bør-krav. Det er viktig at du tenkjer nøye gjennom i kva kategori dei ulike ønskte kvalifikasjonane skal stå. Set du noko som eit skal-krav, vil ikkje personar som manglar desse kvalifikasjonane, vere kvalifiserte til stillinga.

Å skilje mellom skal- og bør-krav er spesielt viktig for offentlege verksemder, sidan dei er underlagde spesielt strenge krav i rekrutteringsprosessen.

Val av kanal

Vi kan kunngjere stillingar på nett via jobbportalar eller sosiale medium, eller i aviser og blad. Det er òg naturleg å lyse ut stillinga på bedrifta sine eigne nettsider. Ei moglegheit er å leggje jobbannonsen på nettsida til bedrifta og lenkje til denne i kortare annonsar i avis eller på nett.

Jobbportalar

Nav.no og finn.no er dei største nettbaserte jobbportalane i Noreg. På nav.no legg bedriftene inn stillingsannonsar gratis, men på finn.no kostar det pengar. I jobbportalane er det òg mogleg for bedrifta å søkje etter personar direkte i databasar der det ligg tusenvis av CV-er.

Sosiale medium

Vi kan òg velje å søkje etter medarbeidarar via sosiale medium som LinkedIn og Facebook. LinkedIn er eit profesjonelt nettverk der arbeidstakarar og bedrifter fortel om seg sjølv, og knyter seg til ulike interesse- eller bransjegrupper.

Vi må òg vurdere om det er mest formålstenleg å lyse ut breitt i fleire medium eller smalt på utvalde bransjenettstader/-blad.

Jobbannonse på nett. Visning av både nettside og annonsen slik den vises i en facebook feed. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intern utlysing

Dersom vi trur det kan vere nokon i bedrifta som både kan og vil søkje på stillinga, kan vi velje ei intern utlysing. Då er det berre dei som allereie jobbar i bedrifta, som kan søkje. Dette gjeld i utgangspunktet ikkje offentleg sektor, her er hovudregelen at stillinga skal lysast ut både internt og eksternt.

Rekrutteringsbyrå

I nokre tilfelle kan det vere lurt å ta kontakt med eit rekrutteringsbyrå. Det er ei bedrift som kan hjelpe oss med å finne dei gode kandidatane og gjennomføre heile rekrutteringsprosessen.

Nokre rekrutteringsbyrå tilbyr òg utleige av vikarar til bedrifta. Desse byråa blir gjerne kalla vikar- og bemanningsbyrå.

Å bruke eit byrå i rekrutteringsprosessen er effektivt, men det kostar pengar. Rekrutteringsbyrå tek normalt ein prosentdel av lønna til den nytilsette det første året, og delen varierer mellom 15 og 25 prosent.

Headhunting

Når eit byrå får oppgåva med å finne ein ny leiar for ei bedrift, blir det kalla «headhunting». Slike byrå kjenner mange leiarar, og vi seier at dei har eit stort nettverk.

Headhuntingsbyrå bruker nettverka sine aktivt til å finne aktuelle leiarkandidatar. Dei søkjer blant kandidatar som kan vise til gode resultat innanfor den aktuelle bransjen. I tillegg må dei ha gode referansar og vere villige til å byte jobb.

Regelverk

Alle arbeidsgivarar skal informere eigne tilsette om alle ledige stillingar i bedrifta.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova forbyr forskjellsbehandling ved tilsetjingar på bakgrunn av alder, seksuell orientering, politiske oppfatningar, medlemskap i fagforeiningar eller politiske organisasjonar, mellombels tilsetjing eller deltidstilsetjing.

Likestillings- og diskrimineringslova

Likestillings- og diskrimineringslova har forbod mot diskriminering ved tilsetjing på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Tillitsvalde

Teksten i stillingsannonsen må diskuterast med dei tillitsvalde i bedrifta. Dei kan ha synspunkt om kvar bedrifta treng fleire folk, og kva slags utdanning dei bør ha.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling