Hopp til innhald

Fagstoff

Utveljing

Korleis skal bedrifta velje ut den beste søkjaren? Det er ikkje enkelt, men gode prosessar kan hjelpe deg og bedrifta i arbeidet.
Ei kvinne står framfor fire andre menneske. Foto.

Når alle søknadene har komme inn, er det behov for god systematikk. Gode system kan vere tidssparande og hjelpe bedrifta i prosessen med å velje ut dei best kvalifiserte søkjarane. Alle søkjarar bør få stadfesting på at søknaden er motteken, og beskjed om når dei kan forvente tilbakemelding.

Søkjarliste

Søknadene skal registrerast i ei søkjarliste basert på søknaden til kandidatane, vitnemål og attestar. Søkjarlista skal innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

Bedrifta utarbeider tre ulike typar søkjarlister: ei til internt bruk i bedrifta, ei til offentlegheita og ei utvida søkjarliste til søkjarane.

Den interne søkjarlista lettar det vidare arbeidet og gjer det enklare å samanlikne korleis søkjarane ligg an i forhold til kvarandre. Ved behov hentar ein fram meir detaljerte opplysningar frå vedlegga.

Ei grovsortering vil avdekkje kva søkjarar som er uaktuelle. Desse bør fortløpande få eit høfleg avslagsbrev.

Søkjarlister i offentleg verksemd

I offentleglova står det at alle søkjarlister i offentlege verksemder skal vere offentlege og tilgjengelege. Slike søkjarlister skal innehalde namn, alder, yrkestittel og bustadkommune.

Søkjarar har moglegheit for å få tilgang til ei såkalla utvida søkjarliste. Denne inneheld i tillegg utdanning og arbeidserfaring. Informasjonen i den utvida søkjarlista er teiepliktig.

Nokre søkjarar ønskjer ikkje å bli nemnde i ei offentleg søkjarliste. For å vurdere om dette er greitt, bruker bedrifta § 25-2 i offentleglova. Om stillinga er av særleg offentleg interesse, blir ønske om anonymitet sjeldnare tekne til følgje.

Intervju

Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju. Mange bedrifter gjennomfører fleire rundar med intervju.

Du kan få i oppgåve å klargjere eit møterom der intervjua skal gå føre seg. Pass på at rommet er ryddig, og at det er vatn og kaffi/te tilgjengeleg. Vidare må du ta imot søkjarane på ein høfleg måte. Hugs at òg bedrifta skal gjere seg attraktiv i rekrutteringsprosessen.

To personar frå bedrifta er gjerne til stades på intervjuet. Dersom det er tillitsvalde frå fagforeiningar i bedrifta, skal òg representanten deira vere til stades på intervjuet.

Bedrifta lagar ein intervjuguide med relevante spørsmål. Det er inga lett oppgåve å gjennomføre intervju, og dei som stiller spørsmål, må vere ryddige. Under intervjuet er det kanskje oppgåva di å ta notat. Bli samd med dei andre frå bedrifta om kva du bør leggje merke til og notere.

I nokre bedrifter må søkjarane òg ta ein personlegdomstest eller utføre eit arbeidsoppdrag. Viss du søkjer på jobb som instruktør på eit treningssenter, kan eit arbeidsoppdrag vere å halde ein spinningstime.

Referansesjekk

Bedrifta har til slutt ei kort liste med dei beste søkjarane. Før bedrifta gir jobbtilbod til den beste kandidaten, må ho sjekke referansane. Alle søkjarar blir bedne om å oppgi namn på tidlegare arbeidsgivarar eller kollegaer som bedrifta kan ringje og snakke med. I telefonsamtalen prøver bedrifta å få stadfesta inntrykket sitt av søkjaren, ved å be om døme på eigenskapane og kompetansen til søkjaren.

I nokre tilfelle vil bedrifta òg krevje dokumentasjon av den utdanninga og arbeidserfaringa som står oppført på CV-en.

Regelverk

I samsvar med likestillings- og diskrimineringslova, kapittel 5, er det ikkje høve til å spørje søkjarar om religiøse og kulturelle forhold eller seksuell orientering. Politisk ståstad og medlemskap i fagforeining er det heller ikkje lov til å spørje om.

Denne typen informasjon kan bedrifta heller ikkje innhente frå referansane.

Aktuelle linkar

Reglar om utvida søkjarlister, frå lovdata.no

Hovudreglar om innsyn i offentlege dokument, frå lovdata.no

Kapittel 5 i likestillings- og diskrimineringslova, frå lovdata.no


CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling