Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobbannonse og arbeidskontrakt

Kva står det i ein jobbannonse, og kva blir kravd av ein arbeidskontrakt? Korleis førebur du deg på å ta imot ein nytilsett i bedrifta? Desse oppgåvene eignar seg godt som gruppearbeid.
Ung jente i hijab sit framfor ein datamaskin og tek notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn jobbannonsar for ei vald stilling. Lag ei liste over kva for nokre formelle kvalifikasjonar ein er ute etter, og kva eigenskapar ein ser etter.
  2. Bruk lovdata.no og søk på arbeidsmiljølova. Finn ut om ein arbeidsgivar har plikt til å informere arbeidstakarane om ledige stillingar i verksemda.
  3. Forsøk å finne ut kva slags frynsegode som er typiske for den stillinga du har valt.
  4. Kartlegg kor mange i klassen som jobbar ved sida av skulen, og kor mange av desse som har signert ein arbeidskontrakt. Viss dei har signert kontrakt: Tilfredsstiller kontrakten krava som arbeidsmiljølova § 14-6 krev? Viss dei ikkje har nokon kontrakt: Har dei i samsvar med lovverket krav på ein slik avtale?
  5. Korleis vil du ta imot ein nytilsett? Skriv ned nokre tankar om kva du bør passe på å gjere og ikkje gjere.
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling