Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekruttering til M&M importbedrift AS

I denne oppgåva skal du gjere ein jobbanalyse for Morten og Minoos bedrift, M&M importbedrift AS. I tillegg skal du kome med forslag til ein stillingsannonse.
Ein ung mann og ei ung kvinne smiler til kvarandre. Framfor seg har dei kvar sin bærbare PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om M&M importbedrift AS

Bedrifta importerer profileringsutstyr til bedrifter og idrettslag. Bedrifta har hatt eit godt år med aukande aktivitet, og sidan dei berre er to tilsette, klarer dei ikkje å følgje opp alle kundane på ein tilfredsstillande måte. Dei treng ein person som kan hjelpe til med sal og kundeoppfølging.

Oppgåve

  1. Lag først ei liste over kva oppgåver ei slik stilling inneber. Kva slags ansvar og kva plikter følgjer med?
  2. Kva slags utdanning, erfaring og personlege eigenskapar krev stillinga?
  3. Lag forslag til ein stillingsannonse.
Gode råd frå Nav til utarbeiding av stillingsannonsar

Tips om å lage ein treffsikker stillingsannonse, frå Navs nettsider

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling