Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøymereisa

I denne oppgåva kan du planleggje drøymereisa di! Kvar hentar du informasjon?
Framsida på ei utgåve av bladet National Geographic der temaet er ekstraordinære reisemål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Når du skal ut og reise, tenkjer du kanskje ikkje over kva som påverkar deg til å velje akkurat det reiseproduktet du gjer. Du blir påverka både medvite og umedvite av fleire forhold, til dømes kulturelle forhold, sosiale nettverk og livsstil.

Å bestille ei drøymereise krev mykje førearbeid. Du skal jo kjøpe ein draum og bruke ganske mange pengar. Korleis ser den første delen av kundereisa di ut når du skal bestemme deg for kvar reisa skal gå?

Førearbeid

  • I denne oppgåva kan du jobbe sjølvstendig.
  • Tenk deg at du har fått 100 000 kroner i reisegåvekort, og at du kan invitere med deg ein venn, kjærasten eller ein familiemedlem på ein drøymeferie.
  • Du må tenkje på både dine eigne interesser og behov og på interessene og behova til den du vil ha med deg på reisa.
  • Lag ei søkjeliste som viser kvar du går for å innhente informasjon om drøymereisemåla dine. Det kan vere frå både influensarar, bloggarar, reiseoperatørar og andre. Noter ned alle nettstadene du oppsøkjer før du bestemmer deg.
  • Lista skal òg innehalde søk på overnatting og aktivitetar.

Oppgåve

  • Lag ein presentasjon i form av eit nyheitsbrev (til dømes med Sway eller Publisher) til den du vil reise med, der du inviterer til drøymereisa.
  • Presentasjonen skal innehalde søkjelista di, og ei grunngiving for at du valde akkurat denne drøymereisa.
  • Presentasjonen skal òg vise kva for refleksjonar du gjer deg om kva som påverka deg i valet av reise.
  • Vis fram presentasjonen for dei andre i klassa.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Kundereisa