Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Din digitale kundesamtale

I denne oppgåva skal du undersøkje kor gode bedriftene er på den digitale kundesamtalen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  • Vel deg ut tre produkt du liker, og oppsøk heimesidene for produkta.
  • Start med det første produktet, og les produktinformasjonen du finn på heimesida. Formuler nokre spørsmål til bedrifta ut frå dette.
  • Start ein digital kundesamtale med bedrifta der du stiller spørsmåla dine. Prøv å få til ein samtale med ein kundebehandlar og ikkje ein praterobot (chatbot).
  • Lag ei oversikt som viser kor raskt bedrifta svarer, kor utfyllande svara er, og korleis servicenivået i den digitale samtalen er.
  • Gjenta dette for dei to andre produkta.
  • Samanlikn opplevingane dine for dei tre produkta. Kva for ei bedrift er best, og kva er det som gjer ho best?
  • Presenter funna dine for dei andre i klassa, og høyr kva dei andre har funne. Diskuter i klassa kva som kjenneteiknar ein god og ein dårleg digital kundesamtale. Bruk døma dykkar.
  • Ha ei uformell kåring av den beste digitale kundesamtalen.

Relatert innhald

Ved å bruke digital kommunikasjon er det større sjanse for at ei bedrift kan få selt produkt eller tenester til kundar.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Kundereisa