Hopp til innhald

Fagstoff

Sjekkliste for strategi i sosiale medium

Å følgje med på kva som skjer i sosiale medium, treng ikkje å ta heile dagen. Dersom du er ein del av ei lita bedrift eller marknadsavdeling, er det spesielt viktig at du balanserer innsatsen på sosiale plattformer med alle dei andre oppgåvene som må gjerast.
Kollasj av bilete som ligg over kvarandre. Vi ser blant anna delar av eit ansikt, ein høgtalar, og logoar og ikon for sosiale medium som YouTube, Instagram og Facebook. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekkliste

Kanskje du alt bruker eit verktøy som overvaker sosiale medium for deg, men det er uansett nokre punkt ein markedsansvarleg bør gå gjennom kvar dag for å utvikle ein effektiv strategi for sosiale medium.

Her er ei lita sjekkliste du kan følgje:

  1. Gå over alle eventuelle varsel som har dukka opp medan du var logga av eller sov.
  2. Svar dei som har engasjert seg i innlegga dine.
  3. Sjå på kva som fungerer, kva som ikkje fungerer, og kva innlegg som oppnår flest klikk og mest engasjement.
  4. Førehandsinnstill innlegg for resten av dagen der dette er mogleg. Bruk både nye og gamle blogginnlegg, landingssider for kampanjar, tilbod og så vidare.
  5. Sjå på og overvak dei trendane og emna som er mest aktuelle for bransjen din.
  6. Lik og del innhald frå leiande personar og talspersonar i bransjen din, og merk slike som favorittar.
  7. Engasjement er nøkkelen. Kommenter på og del innhald som er relevant for merkevara di.
  8. Følg med på konkurrentane. Kva deler dei i sosiale medium? Kor mykje engasjement skaper dei?
  9. Knyt nye kontaktar og skap gode nettverk. Merkevarer og bedrifter kan ikkje forvente at andre skal engasjere seg først. Er du på Twitter, kan du begynne å følgje andre bedrifter eller merke og menneske som er ein del av den ønskte målgruppa di.

Bruk denne sjekklista som ein mal for din strategi i sosiale medium. Ut frå punkta på lista kan du setje spesifikke mål for deg sjølv og bedrifta di eller teamet ditt. Du vil kanskje ikkje merke resultat frå den eine dagen til den neste, men det vil løne seg i lengda.

CC BY-SASkrive av Idium. Rettshavar: Idium
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Kundereisa