Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i dans, vg3

Undervisningsopplegget i dans har progresjon frå vg1 til vg2 og vg3. På vg3 skal du fordjupe deg i ein sjanger du vel sjølv, og lage dans i gruppe i denne sjangeren.
Kvinne i sari og mann i uniform dansar framfor ei dansande folkemengde med menn og kvinner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Bakgrunn

Elevar har ulik erfaring med dans. Nokre elskar det, mens andre misliker det. Tanken bak å jobbe med dans over ein lengre periode er å få alle elevane, uansett erfaring og føresetnader, til å oppleve ei eller anna form for meistring. Gi elevane høve til å øve nok slik at dei kjenner at dei meistrar meir og meir.

Opplegget

På vg3 er det lagt opp til ein kortare periode med dans enn på vg1 og v2. I denne perioden skal elevane velje seg ut ein ukjend sjanger som dei så skal fordjupe seg i. Dei skal òg lage sine eigne læringsmål. Det kan vere lurt å spørje elevane kva for sjanger dei ønsker å lære meir om. Så kan du setje opp fire–fem ulike alternativ og danne grupper ut ifrå kva sjanger dei føretrekker.

Det er lagt opp til tre økter der alle øktene går med til at elevane jobbar i grupper med sjangeren dei har valt.

Tverrfagleg arbeid og djupnelæring

Oppgåva kan avgrensast til å berre vere praktisk, altså berre skape ein dans, men ho kan òg omfatte ein teoretisk del der elevane både kan jobbe tverrfagleg og drive djupnelæring ved at dei fordjupar seg i historie- og samfunnskunnskap knytt til opphavet til dansen.

I dei dansesjangrane vi har foreslått nedst i ressursen, er det mykje kultur og historie å ta utgangspunkt i om du ønsker å legge til rette for både djupnelæring og tverrfagleg arbeid.

Læringsmål

Målet med perioden er at du skal

  • lage minimum to eigne læringsmål som seier noko om kva du ønsker å lære, og korleis du ønsker å lære dette, ut ifrå dine eigne føresetnader

  • bidra til andre si læring og reflektere over korleis medverknaden din påverkar dei andre i gruppa

  • vurdere di eiga utvikling

Oppgåve

Oppgåva er todelt og består av ein teoretisk del der du skal fordjupe deg i dansesjangeren, og ein praktisk del der du skal lage ein dans saman med gruppa, som de skal filme. Begge desse delane skal de setje saman til ei videoinnlevering.

Teoretisk del

  • Kvar og korleis oppstod denne dansesjangeren?

  • Kvar og korleis blir dansesjangeren praktisert i dag?

  • For å få eit heilskapleg bilete av opphavet kan det vere naturleg å trekke inn historie- og samfunnskunnskap om landet eller området der dansen oppstod. Denne delen går det derfor an å jobbe tverrfagleg med.

Praktisk del

  • Dansen skal samsvare med dansesjangeren.

  • Dansen skal vare i minimum 1,5 minutt.

  • Alle i gruppa må delta, men alle treng ikkje å gjere det same. Start med å finne ut kva kvar enkelt på gruppa er gode til, og planlegg dansen ut ifrå det.

  • Utfordre dykk sjølve og hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.

  • Hent gjerne inspirasjon frå ulike kanalar og sosiale medium, men unngå å kopiere heile dansar.

  • Bruk relevante rekvisittar og kostymer som passar med sjangeren, de skal òg grunngi kvifor dette er relevant.

Innlevering

Som i vg1 og vg2 skal du lage ei videoinnlevering. Ho skal innehalde følgande:

  1. Introduksjon med presentasjon av dei sjølvvalde læringsmåla. Her må du grunngi kvifor du har valt desse måla. Denne delen er individuell.

  2. Presentasjon av det gruppa har jobba med i den teoretiske delen. Du vel sjølv korleis du presenterer dette. Vel den måten som gjer at du får vist fram kompetansen din. Denne delen kan du anten gjere saman med gruppa di eller individuelt.

  3. Videoklipp av dansen. Denne delen gjer du saman med gruppa di.

  4. Eigenvurdering med utgangspunkt i læringsmåla. Denne delen er individuell.

Forslag til dansesjangrar
  • Bollywood

  • Afrikansk dans

  • Hiphop

  • Samisk dans

  • Samba

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Dans