Hopp til innhald

Fagstoff

Polka – strekkbuksepolka

Strekkbuksepolka er ein livleg og rask dans med mange lokale namn og variasjonar, til dømes lettisk polka eller slengpolka.

Om strekkbuksepolka

Dansen var vanleg på norske dansegolv på 1960- og 1970-talet, og er eitt av dei siste tilskota til runddansslekta. Strekkbuksepolkaen er ein pardans der para dansar motsols i ring til vanleg polkamusikk i 2/4-takt.

Dansen har eit fast mønster, som vi i denne filmen har valt å dele opp i ein ABC-del.

  1. tur på plassen (i denne filmen viser vi to variasjonar, enkel og dobbel)
  2. bytomfotsteg framover i danseretninga
  3. snu for jenta

I sjølve dansen er det guten si oppgåve å føre jenta og bestemme kva turar som skal gjerast. Dette improviserer han undervegs i dansen ut frå det repertoaret han har av turar.

Før kvar tur signaliserer guten til jenta kva neste steg skal vere, slik at det blir ein fin flyt i dansen.

På folkepedia.no kan du lese meir om strekkbuksepolka.

Delane av strekkbuksepolka

Musikkforslag frå instruksjonsvideo:

Galopp fra Østerdalen – Dalakopa

Andre musikkforslag:

  • Peterl Polka – Karl Edermann und seine Musikanten
  • Mei Hoamat – Original Almrauschklang
  • Slå meg på – Di Derre
  • Salsa Tequila – Anders Nilsen
  • Red Lights – Tiësto
  • Get Lucky (feat. Pharrell Williams & Nile Rodgers) – Daft Punk, Pharrell William, Nile Rodgers
  • High Hopes – Panic! At The Disco
  • Toft – Publiners

CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Dans