Kreativ dans: Spiondansen - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Kreativ dans: Spiondansen

Har du nokon gong drøymt om å vere spion, om å liste deg fram i det lange graset på jakt etter fienden ein mørk kveld? Her kan du få prøve nettopp det!

Denne dansen tek utgangspunkt i historia om at du er ein spion.

Du er ute ein mørk kveld på jakt etter fienden. Du listar deg forsiktig fram i det lange graset, medan du speidar til høgre og til venstre. Du ser eit gjerde, tek sats, hoppar over og landar kattemjukt. Så kikkar du forsiktig opp (over gjerdet), der ser du nokon, gisp! Og du kastar deg lydlaust ned mot bakken. Så ålar du deg tilbake til utgangspunktet.

Du kan bruke historia over, eller dikte opp ei eiga historie.

Alternativ 1

  1. Elevane får høyre historia med innleving. Læraren viser rørsler som passar til historia (store og overdrivne rørsler – sjå illustrasjonsbilete under).
  2. Læraren les eller fortel historia, og elevane øver individuelt på å fortelje historia ved å røre kroppen sin, først utan musikk, deretter med musikk.
  3. Når elevane kan historia med rørslene utanåt, blir dei delte inn i grupper.
  4. Kvar gruppe blir plassert i kvart sitt hjørne. Dei kan anten få eitt minutt til å øve saman, eller inga tid saman før dei skal vise fram.
  5. Ei og ei gruppe kjem fram på golvet, gjer dansen sin og ålar seg tilbake til utgangspunktet (hjørnet sitt), før neste gruppe kjem fram. Alt skjer medan musikken blir spelt av éin gong.

Alternativ 2

  1. Elevane blir delte inn i grupper først, så får dei høyre historia, for deretter å finne på rørslene til historia sjølv.

Musikkforslag: James Bond Theme – John Barry Orchestra (frå Dr. No).

Illustrasjonsbilete

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020