Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i dans, vg1

Undervisningsopplegget i dans har progresjon frå vg1 til vg2 og vg3. På vg1 skal du jobbe med kreativ dans og swing og skape dans i grupper.
Ei jente bøyer beinet bak seg, strekker ut armen og støtter den andre armen på skuldra til ei anna jente som står ved sida av ho. Ein gut står i bakgrunnen og ser på dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne perioden skal de trene på ulike dansar og lage dans i grupper. Opplegget består av totalt seks økter (ei økt er to skuletimar). Det er to økter med kreativ dans, to økter med swing og to økter der de skal lage dans i grupper, øve og framføre eller filme dansen dykkar.

Til læraren

Bakgrunn

Elevar har ulik erfaring med dans. Nokre elskar det, mens andre misliker det. Tanken bak å jobbe med dans over ein lengre periode er å få alle elevane, uansett erfaring og føresetnader, til å oppleve ei eller anna form for meistring. Gi elevane høve til å øve nok slik at dei kjenner at dei meistrar meir og meir. Metodeval og det å bruke tid på grunnleggande ting som rytme og takt kan vere avgjerande for at fleire elevar opplever meistring. Det er lurt å ha ein jamn progresjon og legge til rette for at mange er i aktivitet samtidig, slik at enkelteleven ikkje føler seg så synleg.

Opplegget

I dette opplegget er det rom for at elevane kan vere med på å bestemme, spesielt når dei skal jobbe i grupper med å lage dans. Kreativ dans er ein dansesjanger der det ikkje finst noko fasitsvar på korleis ein skal danse eller bevege seg. Derfor er det fint å starte med kreativ dans som ein introduksjon som kan gjere elevane tryggare. I kreativ dans kan du tilpasse øvingane slik at dei høver interessene til elevane, som til dømes i hobbydansen.

Medbestemming

Når det gjeld dansen gruppene skal lage, kan dei velje sjølve om dei vil framføre dansen for eit publikum, eller om dei vil filme dansen og levere inn videoen.

Læringsmål

Målet med perioden er at du skal

  • trene på ulike dansar (kreativ dans, Just dance, swing)

  • bidra aktivt med å skape dans i grupper

  • utfordre motet ditt og koordinasjonen din

  • støtte og motivere medelevane dine

Økt 1 – kreativ dans 1

  • Ha ein samtale om kva som er formålet med opplegget, om kva læringsmåla er, og kva det betyr å støtte og motivere kvarandre. Minn òg kvarandre på at det er lov å ikkje få til, og at det viktigaste er at de gjer så godt de kan og utfordrar dykk sjølve.

  • Gjennomfør øvingane i fagartikkelen "Kreativ dans".

  • Samanfatt kva de har lært, og korleis de har jobba, utfordra og støtta kvarandre.

Økt 2 – kreativ dans 2

  • Start økta med ein samtale om kva de lærte den førre gongen.

  • Repeter korleis ein tel BPM, læringsmåla og kva det betyr å støtte og motivere kvarandre.

  • Gjennomfør ei av øvingane frå "Kreativ dans" frå den førre økta.

  • Etterpå gjennomfører de opplegget om spiondansen og lærer dykk dansar frå videoane til Just dance.

  • Ha ein samtale to og to om læringsmåla i slutten av økta.


Økt 3 og 4 – swing

  • Start økta med å prate om kva swing er, og sjå introduksjonsvideoen om swing.

  • Bruk filmklippa om swing

  • Start med grunnsteg og auk vanskegraden etter kvart som de får til grunnstega. Det kan vere lurt å øve utan musikk i starten.

  • Bytt partnar ofte slik at de kan lære av kvarandre.

  • Hugs å støtte og motivere kvarandre.

  • Hugs at ein må føre og bestemme kva for tur de skal gjere i danseparet.

  • Etter kvart som de blir trygge på grunnstega, kan de øve på ulike turar. Set saman og kombiner turar som de sjølve ønsker. Øv på å ha blikkontakt når de dansar.

  • Det er lov med nokre juksetrinn innimellom for å få dansen til å henge saman.

  • Ha ein samtale to og to om læringsmåla i slutten av økta.

  • Set av litt tid i økt 4 til introduksjon av gruppedansen, då er det enklare å komme i gang med å lage dans i økt 5.

Økt 5 og 6 – lage dans i grupper

Kvar gruppe får tildelt kvar sin musikal/film:

  • De skal bruke valfri musikk frå den tildelte musikalen/filmen.

  • Dansen skal vare i 1,5–2 minutt.

  • De kan hente inspirasjon frå YouTube eller liknande kanalar, men ikkje kopiere heile dansar.

  • Det skal vere med element frå dansane de har dansa tidlegare i perioden, kombiner gjerne ulike sjangrar.

  • Alle på gruppa må ikkje danse det same, her kan de tilpasse ut ifrå kva de er gode til i gruppa. Start med ein samtale om kva kvar enkelt kan bidra med i gruppa.

  • Alle må utfordre seg sjølve, både når det gjeld rytme og koreografi og mot.

  • Bruk gjerne enkle kostyme som høver med musikalen/filmen dykkar.

Forslag til musikal/film
  • Grease

  • Flashdance

  • Løvenes konge

  • James Bond

  • We Will Rock You

  • Dirty Dancing

Vurdering

Innlevering/framføring gruppe

Dansen skal de anten filme og levere inn eller framføre for læraren dykkar og/eller resten av klassen i slutten av økt 6.

Innlevering individuelt

Etter økt 6 skal du vurdere deg sjølv individuelt i læringsmåla, anten skriftleg eller med video eller lydopptak. Vel den måten der du best får vist fram kompetansen din, kva du har lært, og korleis du har jobba. Hugs å grunngi svara dine.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Dans