Kreativ folkedans, del 1
Hensikta med desse øvingane er å bruke ei anna tilnærming til folkedans, som forhåpentlegvis kan fengje. Alle øvingane består av element frå det opphavlege dansemønsteret i folkedansane.
Det viktigaste i alle desse øvingane er å følgje rytmen i musikken. Reinlendar, polka og jenka har alle rytme som går til åtte, derfor kan ein bruke den same musikken, uansett dans. Popmusikk er eit godt alternativ.
Det kan likevel vere greitt å endre musikken ofte, gjerne undervegs i kvar øving. Start med ei låt med låg bpm, og auk etter kvart som deltakarane får tak på øvinga. Musikkvalet kan vere avgjerande for kor vellykka opplegget er, vel derfor musikk som passar gruppa.
Ressursen er delt inn i tre delar. Nedst i alle ressursane finn du musikkforslag.
Del 1. Oppvarmingsøvingar til musikk
Del 2. Sistenvariantar av jenka: Kreativ folkedans, del 2 (ndla.no)
Del 3. Polkasisten i par: Kreativ folkedans, del 3 (ndla.no)
Alle beveger seg rundt omkring i rommet.
- Hink på eitt bein.
- Hink på annakvart bein, eitt hink på kvart bein.
- Hink to gonger på det høgre beinet og to på det venstre beinet.
- Hink to gonger på det høgre beinet og to på det venstre beinet. I tillegg skal du gjere high five, eitt klapp med handa med dei du støyter på, mens du hinkar.
- Hink to gonger på det høgre beinet og to på det venstre beinet. I tillegg skal du gjere to klapp med den høgre handa og to klapp med den venstre handa. Alle beveger seg rundt omkring, klapp med dei du støyter på. Ta to trinn med det høgre beinet, samtidig gjer du to klapp med den høgre handa på den du støyter på / partnaren si høgre hand. Ta to trinn med det venstre beinet, samtidig gjer du to klapp med den venstre handa på partnaren si venstre hand. Etter at du har klappa med ein person, beveger du deg vidare og finn ein ny person du kan klappe med. Gjenta dei same trinna under heile øvinga.
- Hink på eitt bein baklengs.
- Hink på annakvart bein baklengs.
- Hink to gonger på høgre og to på venstre, baklengs.
- Jenka-trinn ein og ein: Sjå instruksjonsvideo på YouTube: Jenka (youtube.com).
Jenkatrinn i alle retningar: Prøv å gjere jenka-trinn ved å starte med to hæltrinn til venstre, deretter to til høgre. Samtidig som du gjer desse hæltrinna, kan du hoppe anten framover, bakover eller til sida. Etter hæltrinna med hopp held du fram med å hoppe eitt trinn bak, så eitt trinn fram og deretter tre trinn bak. Alternativt kan du ta eitt trinn til sida, eitt trinn til motsett side og så tre trinn til den første sida att. Du kan også kombinere fleire retningar i same turen.
- Elevane skal finne på nye variantar av jenka, men i det same dansemønsteret, to og to i lag.
Malmo, A. L. (2015, oktober.) Rytmikk og dans i idrettsfag [Innlegg]. Idrettsfagseminaret / Nasjonal forening for idrettsfag i videregående skole, Lillehammer.