Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i dans, vg2

Undervisningsopplegget i dans har progresjon frå vg1 til vg2 og vg3. På vg2 skal du repetere swing frå vg1. Du skal òg prøve hiphop og folkedans i tillegg til å lage dans i grupper.
Tre hiphopdansarar. Foto.

Opplegget består totalt av seks økter (ei økt er to skuletimar). Det er to økter med swing, to økter med hiphop og folkedans og to økter der de skal lage dans i grupper.

Til læraren

Bakgrunn

Elevar har ulik erfaring med dans. Nokre elskar det, mens andre misliker det. Tanken bak å jobbe med dans over ein lengre periode er å få alle elevane, uansett erfaring og føresetnader, til å oppleve ei eller anna form for meistring. Gi elevane høve til å øve nok slik at dei kjenner at dei meistrar meir og meir.

Opplegget

På vg2 skal elevane danse swing og skape dans i grupper, men dei skal i tillegg lære nye dansesjangrar. Ved å repetere swing og skape dans i grupper får elevane høve til å bygge på erfaringane sine frå vg1, og dei får utvikle seg vidare. Elevane skal òg jobbe med nye dansesjangrar. Dette kan vere hiphop og folkedans, som er foreslått her, eller det kan vere andre sjangrar. Det kan vere lurt å høyre med elevane kva dei ønsker å lære, slik får ein lagt eit grunnlag for medbestemming.

Når elevane har jobba med ulike dansesjangrar, har dei eit betre utgangspunkt for å velje kva for ein av desse sjangrane dei skal fordjupe seg i når dei etterpå skal skape dans i grupper.

For å få til ein naturleg progresjon skal elevane repetere noko frå vg1 og utvikle dette vidare på vg2, i tillegg skal vi tilføre noko nytt. Sjå gjerne på innleveringa og tilbakemeldinga frå perioden med dans på vg1 før de startar denne perioden.

Læringsmål

Målet med perioden er at du skal

  • repetere og utvikle deg vidare i swing

  • trene på folkedans og hiphop og forklare kva for koordinative eigenskapar du bruker i desse sjangrane

  • bidra aktivt i gruppa med å lage dans

  • utfordre deg sjølv

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar

  • vurdere di eiga utvikling

Økt 1 og 2 – swing

  • Ha ein samtale om læringsmåla og kva elevane hugsar frå vg1.

  • Bruk filmklippa om swing

  • Repeter mykje slik at grunnstega sit før de går vidare på turane. Øv gjerne både med og utan musikk i starten.

  • Etter kvart som de blir trygge på grunnstega, kan de øve på ulike turar. Set saman og kombiner turar som de sjølve ønsker. Øv på å ha blikkontakt når de dansar.

  • Bytt partnar ofte slik at de kan lære av kvarandre.

  • Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.

  • Hugs at det er lov med nokre juksetrinn innimellom for å få dansen til å henge saman.

  • Ha ein samtale om læringsmåla to og to i slutten av økta.

Økt 3 og 4 – hiphop og folkedans

Finn ut sjølve om de vil ha ei økt med hiphop og ei økt med folkedans, eller om de vil ha begge delar i begge øktene. Det er betre tid til å gå i djupna om de har ei økt med kvar, men om de har både hiphop og folkedans i begge øktene, får de høve til å repetere.

Hiphop

Bruk filmklippa om hiphopdans

Folkedans

De kan velje om de vil gjere ein kreativ variant av folkedans med øvingar frå "Kreativ folkedans, del 2" og "Kreativ folkedans, del 3", eller om de vil danse tradisjonell folkedans med reinlendar og polka.

Økt 5 og 6 – lage dans i grupper

I desse to øktene skal de lage ein gruppedans i ein sjanger de vel sjølve. Det er lurt å bestemme kva for sjanger de vil fordjupe dykk i og dele dykk inn i grupper før økt 5 startar. De kan velje mellom swing, hiphop og folkedans.

  • Vel éin sjanger.

  • Dansen skal samsvare med dansesjangeren.

  • Dansen skal vare i minst 1,5 minutt.

  • Alle i gruppa må delta, men alle treng ikkje å gjere det same. Start med å finne ut kva kvar enkelt på gruppa er gode til, og planlegg dansen ut ifrå det.

  • Hent gjerne inspirasjon frå ulike kanalar og sosiale medium, men unngå å kopiere heile dansar.

  • Utfordre dykk sjølve og hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.

Vurdering

Innlevering/framføring gruppe

Dansen skal de anten filme og levere inn eller framføre for læraren dykkar og/eller resten av klassen i slutten av økt 6.

Innlevering individuelt

Etter økt 6 skal du vurdere deg sjølv (individuelt) i læringsmåla, anten skriftleg eller med video eller lydopptak. Vel den måten der du best får vist fram kompetansen din, kva du har lært, og korleis du har jobba. Hugs å grunngi svara dine.

Det kan vere lurt å sjå på innleveringa og tilbakemeldinga di frå vg1 før du går i gang.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Dans