Kreativ folkedans, del 3 - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Kreativ folkedans, del 3

Her finn du forslag til øvingar med utgangspunkt i rytmen og trinna frå folkedansane reinlendar, polka og jenka. Vi har utfordra det tradisjonelle og monotone dansemønsteret ved å kombinere det med kjende leikar. Dette er del 3 av 3.

Hensikta med desse øvingane er å bruke ei anna tilnærming til folkedans, som forhåpentlegvis kan fenge. Alle øvingane består av element frå det opphavlege dansemønsteret i folkedansane.

Det viktigaste i alle desse øvingane er å følgje rytmen i musikken. Reinlendar, polka og jenka har alle rytme som går til åtte, derfor kan ein bruke den same musikken, uansett dans. Popmusikk er eit godt alternativ.

Det kan likevel vere greitt å endre musikken ofte, gjerne undervegs i kvar øving. Start med ei låt med låg , og auk etter kvart som deltakarane får tak på øvinga. Musikkvalet kan vere avgjerande for kor vellykka opplegget er, vel derfor musikk som passar gruppa.

Ressursen er delt inn i tre delar. Nedst i alle ressursane finn du musikkforslag.

Del 3. Polkasisten i par

  1. Sjå ressursen Polka – strekkbuksepolka (ndla.no).
  2. To held saman (kjønn speler inga rolle, men dei to i paret har ulike oppgåver). Guten står til venstre i paret, guten held jenta si høgre hand opp over den høgre skuldra hennar. Jenta held si venstre hand ut mot venstre side, framom guten sin mage, guten held i denne med si venstre hand.
  3. Sisten vandrar frå par til par.
Strekkbuksepolka
  • Start med to hælhopp til venstre og to hælhopp til høgre. Guten hoppar med beinet til venstre for jenta, ståande med kroppen bak ho. Så endrar paret retninga 90 grader, og guten hoppar med beinet til høgre for jenta.
  • Deretter gjer paret to hinkesteg til venstre og to til høgre.
  • Til slutt fortset guten å gå rett fram, mens jenta snurrar medsols under armen på fire takter. Begge to beveger seg saman framover undervegs.
Musikkforslag

"Not Afraid" – Eminem

"Slå meg på" – Diderre

"Turn Up The Life" – Lido Lido, Yosef, Timbuktu

"Glow" – Madcon

"Satellite" – Lena

"Salsa Tequila" – Anders Nilsen

"The Man" – Aloe Blacc

"Played-A-Live (The Bongo Song)" – Safri Duo

"Supreme" – Robbie Williams

"Happy" – Pharell Williams

"Ai Se Eu Te Pego" – Ai se eu te pego

"Red Lights" – Tiësto

"Without You" – Avicii, Sandro Cavazza

"You'll Be Fine" – Greni

"Kiss Somebody" – Julie Bergan, Seeb

Kjelde

Malmo, A. L. (2015, oktober.) Rytmikk og dans i idrettsfag [Innlegg]. Idrettsfagseminaret / Nasjonal forening for idrettsfag i videregående skole, Lillehammer.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021