Fagstoff
Video
Hiphopdans
Hiphopdans blir dansa til hiphopmusikk og har henta element frå andre dansestilar, som breakdance, locking og popping. Her kan du lære deg fem trinn i hiphopdans, som The skate og The Cabbage Patch. Når du har lært deg desse trinna, kan du improvisere og kombinere akkurat som du vil.
Film. Hiphop (7:33)
Lær deg fem trinn, så kan du improvisere og kose deg! Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Film. Første trinn. The Skate (1:20)
I The Skate er målet å skli bortover golvet, mens vi sprett ned og opp. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Film. Andre trinn. The Cabbage Patch (1:29)
I The Cabbage Patch skal vi liksom dra i "noko". Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Film. Tredje trinn (1:05)
Her er det viktig å tenke på overkroppen! Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Film. Fjerde trinn (1:12)
I trinn fire skal vi skli framover i diagonale linjer til høgre og venstre. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Film. Femte trinn (1:30)
I det siste trinnet skal vi sparke fram med høgre bein, krysse framom og steppe ut med venstre. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Musikkforslag frå instruksjonsvideo
Get Lucky – Daft Punk feat. Pharell Williams
Forslag til undervisningsopplegg
Mål: Deltaking, medverknad og samarbeid. Anerkjenne ulikskap og inkludere alle uavhengig av føresetnader.
- Del inn i grupper med 5–6 elevar. Bruk filmane over, og øv på dei fem ulike trinna saman. Utnytt gruppemedlemmane sine sterke sider. Tid: 25 minutt.
- Alle gruppene får 2–3 nye medlemmar, mens resten av elevane blir att på same gruppe. Set trinna frå del 1 saman til ein kort dans på om lag 20 sekund. Vel ut nokre trinn, eller bruk alle, og kombiner dei som de sjølv ønskjer. Tid: 25 minutt.
- Syn fram dansen anten til heile klassen, til ei anna gruppe eller berre til faglærar.