Undervisningsopplegg i dans, vg3
Oppgåva er todelt og består av ein teoretisk del der du skal fordjupe deg i dansesjangeren, og ein praktisk del der du skal lage ein dans saman med gruppa, som de skal filme. Begge desse delane skal de setje saman til ei videoinnlevering.
Teoretisk del
Kvar og korleis oppstod denne dansesjangeren?
Kvar og korleis blir dansesjangeren praktisert i dag?
For å få eit heilskapleg bilete av opphavet kan det vere naturleg å trekke inn historie- og samfunnskunnskap om landet eller området der dansen oppstod. Denne delen går det derfor an å jobbe tverrfagleg med.
Praktisk del
Dansen skal samsvare med dansesjangeren.
Dansen skal vare i minimum 1,5 minutt.
Alle i gruppa må delta, men alle treng ikkje å gjere det same. Start med å finne ut kva kvar enkelt på gruppa er gode til, og planlegg dansen ut ifrå det.
Utfordre dykk sjølve og hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.
Hent gjerne inspirasjon frå ulike kanalar og sosiale medium, men unngå å kopiere heile dansar.
Bruk relevante rekvisittar og kostymer som passar med sjangeren, de skal òg grunngi kvifor dette er relevant.
Som i vg1 og vg2 skal du lage ei videoinnlevering. Ho skal innehalde følgande:
Introduksjon med presentasjon av dei sjølvvalde læringsmåla. Her må du grunngi kvifor du har valt desse måla. Denne delen er individuell.
Presentasjon av det gruppa har jobba med i den teoretiske delen. Du vel sjølv korleis du presenterer dette. Vel den måten som gjer at du får vist fram kompetansen din. Denne delen kan du anten gjere saman med gruppa di eller individuelt.
Videoklipp av dansen. Denne delen gjer du saman med gruppa di.
Eigenvurdering med utgangspunkt i læringsmåla. Denne delen er individuell.