Hopp til innhald

Fagstoff

Reinlendar

Reinlendar er ein av dei vanlegaste runddansane i norsk folkedanstradisjon og er ein naturleg start i folkedansopplæringa. Dansen har individuelle forskjellar frå bygd til bygd, men vi har her valt å ta utgangspunkt i ein reinlendar med fem ulike turar med runddanssnu mellom.

Lær deg reinlendar

I denne filmen har vi laga eit fast oppsett av turar for å gjere det mest mogleg tydeleg for den som skal lære seg reinlendar. I ein læringssituasjon er det meininga at ein skal kunne plukke og lære etter eige ønske, og på den måten opparbeide seg eit repertoar av turar ein kan bruke fritt når ein dansar reinlendar.

I sjølve dansen er det guten si oppgåve å føre jenta og bestemme kva turar som skal gjerast. Dette improviserer han undervegs i dansen ut frå det repertoaret han har av turar. Før kvar tur signaliserer guten til jenta kva neste steg skal vere, slik at det blir ein fin flyt i dansen.

Om reinlendar

Runddanssnu i reinlendar

Reinlendar, tur 1

Reinlendar, tur 2

Reinlendar, tur 3

Reinlendar, tur 4

Reinlendar, tur 5

Musikkforslag:

  • Dovregubbens reinlender – Ulens Kvintett
  • Segalsta’n, Reinlender – Stensgård, Midtliens Kvartett
  • Bonus Track: Gammel norsk reinlender – Oslo Radio-Orkester
  • Slå meg på – Di Derre
  • Salsa Tequila – Anders Nilsen
  • Red Lights – Tiësto
  • Get Lucky (feat. Pharrell Williams & Nile Rodgers) – Daft Punk, Pharrell William, Nile Rodgers
  • High Hopes – Panic! At The Disco
CC BY-NC-SARettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Dans