Hopp til innhald

Fagstoff

Hiphopdans

Hiphopdans blir dansa til hiphopmusikk og har henta element frå andre dansestilar, som breakdance, locking og popping. Her kan du lære deg fem trinn i hiphopdans, som The skate og The Cabbage Patch. Når du har lært deg desse trinna, kan du improvisere og kombinere akkurat som du vil.

Første trinn, The Skate

Andre trinn, The Cabbage Patch

Tredje trinn

Fjerde trinn

Femte trinn

Musikkforslag frå instruksjonsvideo

Get Lucky – Daft Punk feat. Pharell Williams

Forslag til undervisningsopplegg

Mål: Deltaking, medverknad og samarbeid. Anerkjenne ulikskap og inkludere alle uavhengig av føresetnader.

  1. Del inn i grupper med 5–6 elevar. Bruk filmane over, og øv på dei fem ulike trinna saman. Utnytt gruppemedlemmane sine sterke sider. Tid: 25 minutt.
  2. Alle gruppene får 2–3 nye medlemmar, mens resten av elevane blir att på same gruppe. Set trinna frå del 1 saman til ein kort dans på om lag 20 sekund. Vel ut nokre trinn, eller bruk alle, og kombiner dei som de sjølv ønskjer. Tid: 25 minutt.
  3. Syn fram dansen anten til heile klassen, til ei anna gruppe eller berre til faglærar.
CC BY-NC-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2020

Læringsressursar

Dans