Hopp til innhald

Fagstoff

Seksmannsril

Seksmannsril er ein turdans som er mykje brukt i folkedansopplæringa. Tre eller fleire par dannar ring, held eit høgt tak med hendene og dansar med ansiktet inn mot sentrum. Guten har si jente på venstre side.

Lær deg seksmannsril

Saman dansar dei etter eit fast mønster, som kan delast opp i tre delar:

  1. Hoppesteg rundt i ring (14 hoppesteg medsols + 3 tramp før snu og gjenta motsols).
  2. Tur I + II. I – Stjerneformasjon der para står mot kvarandre og held saman. Sett ovanfrå formar hendene ei stjerne. 14 hoppesteg motsols + 3 tramp før para snur og møter ny partnar. 14 nye hoppesteg + 3 tramp i same retninga. II – Klappetur med 14 hoppesteg + 3 tramp motsols. Para vender mot kvarandre og klappar i hendene samtidig med hoppestega, vender om til ny partnar og gjentek det same.
  3. Kjede – høgre handa til partnar går forbi og møter ny partnar med venstre handa. Alle går sikk-sakk rundt i ring, og ender etter to rundar opp med fast partnar før start igjen.

Musikkforslag frå instruksjonsvideo:

Carillon De Westminster – Kerry Beaumont

CC BY-NC-SARettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Dans