Hopp til innhald
Rettleiing

Kreativ folkedans, del 2

Her finn du forslag til øvingar med utgangspunkt i rytmen og trinna frå folkedansane reinlendar, polka og jenka. Vi har utfordra det tradisjonelle og monotone dansemønsteret ved å kombinere det med kjende leikar. Dette er del 2 av 3.

Hensikta med desse øvingane er å bruke ei anna tilnærming til folkedans, som forhåpentlegvis kan fengje. Alle øvingane består av element frå det opphavlege dansemønsteret i folkedansane.

Det viktigaste i alle desse øvingane er å følgje rytmen i musikken. Reinlendar, polka og jenka har alle rytme som går til åtte, derfor kan ein bruke den same musikken, uansett dans. Popmusikk er eit godt alternativ.

Det kan likevel vere greitt å endre musikken ofte, gjerne undervegs i kvar øving. Start med ei låt med låg , og auk etter kvart som deltakarane får tak på øvinga. Musikkvalet kan vere avgjerande for kor vellykka opplegget er, vel derfor musikk som passar gruppa.

Ressursen er delt inn i tre delar. Nedst i alle ressursane finn du musikkforslag.

Del 2. Sistenvariantar av jenka

  1. Hink to trinn til høgre og to til venstre. Sisten vandrar. Når ein person blir teken, er det neste person sin tur til å "ha" sisten.
  2. Bruk trinna i . Alle elevane beveger seg ein og ein, den som har sisten, må òg bruke jenka-trinna. Sisten vandrar.
  3. Bruk trinna i jenka. Alle elevane held saman i par, bortsett frå den eller dei som har sisten. Den i paret som blir teke, byter plass med den som har sisten. (Ein ny person har no sisten, og den som hadde sisten, er no i eit par.)
  4. Bruk trinna i jenka i ein lenkjesistenvariant. Den som blir teken først, startar ei rekkje, den neste som blir teken, heng seg på bak, slik held det fram.
  5. Jenkatrinn i ulike retningar. Sisten vandrar.
Les meir
  • Start med to hæltrinn på det venstre beinet, deretter to på det høgre.
  • Samtidig som du gjer desse hæltrinna, kan du hoppe anten framover, bakover eller til sida, alt etter kva for retning som er lurt for å unngå å "få" sisten, eller for å prøve å "ta" nokon.
  • Etter hæltrinna med hopp, held du fram med å hoppe anten eitt hopp bak, deretter eitt hopp fram, så tre hopp bak eller …
  • ... eitt hopp til sida, eitt hopp til motsett side, deretter tre hopp til den første sida att.
  • Du kan òg kombinere fleire ulike retningar i den same turen.
Musikkforslag

"Not Afraid" – Eminem

"Slå meg på" – Diderre

"Turn Up The Life" – Lido Lido, Yosef, Timbuktu

"Glow" – Madcon

"Satellite" – Lena

"Salsa Tequila" – Anders Nilsen

"The Man" – Aloe Blacc

"Played-A-Live (The Bongo Song)" – Safri Duo

"Supreme" – Robbie Williams

"Happy" – Pharell Williams

"Ai Se Eu Te Pego" – Ai se eu te pego

"Red Lights" – Tiësto

"Without You" – Avicii, Sandro Cavazza

"You'll Be Fine" – Greni

"Kiss Somebody" – Julie Bergan, Seeb

Kjelde

Malmo, A. L. (2015, oktober.) Rytmikk og dans i idrettsfag [Innlegg]. Idrettsfagseminaret / Nasjonal forening for idrettsfag i videregående skole, Lillehammer.