Kreativ dans - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kreativ dans

Kreativ dans, eller skapande dans, gir deg høve til å utforske ulike rørsler i ulike samanhengar til ulik type musikk. Det gir deg også høve til å skape nye variantar av dans. I denne ressursen finn du ulike øvingar til bruk i kroppsøvingsundervisninga.
  1. Introduksjon til dans. Rytmeøving for å finne åttarar
  2. Helse
  3. Dansesisten
  4. Hobbydansen 1
  5. Hobbydansen 2
  6. Danse namnet

1. Introduksjon til dans. Rytmeøving for å finne åttarar


  • Stå i sirkel, finn rytmen.
  • Start med å trampe takta, etterkvart også med å klappe med hendene. Begynn med enkel takt først, etterkvart kan de doble takta.
  • På låtar med låg (rundt 50) går det også an å tredoble takta.

    • Tramp og klapp samtidig.
    • Tramp og klapp annakvar gong.
Musikkforslag

You shook me all night long – AC/DC (enkel + dobbel)

Call on me – Eric Prydz (enkel + dobbel)

How do you do? – Roxette (enkel + dobbel)

Fort fort fort – Vazelina Bilopphøggers

  • Gå etter rytmen.
  • Beveg deg rundt i rommet. Gå på ulike måtar, la gjerne låten vere ein inspirasjon. Her kan du også bruke både enkel og dobbel takt.
Musikkforslag

Angel – Saybia

Stuck in a moment – U2

Diggiloo diggiley – Herreys

2. Helse

  • Følg rytmen i låten, hels på medelevar med ein “high five”.
  • Kvar elev lagar seg si eiga rørsle/”move”. Dette kan vere å bukke, neie, samle hender, framlengs rulle, Usain Bolt sin signatur-move, splitthopp og så bortetter. Her kan du la kreativiteten blomstre. Alle skal helse på medelevar med sin eigen “move”. Medeleven må herme.
  • Same som over, men her tek du over rørsla til medeleven og skal gjere denne når du møter på neste medelev. Så tek du over endå ei ny rørsle. Slik fortset det. Denne kan du gjere vanskelegare ved å ikkje tillate verbal kommunikasjon.

3. Dansesisten

  • 3–4 elevar har sisten. Dei elevane som blir tekne, får ei rørsle dei skal gjere fram til dei blir sette fri.
  • For å fri nokon må ein medelev gjenta rørsla tre gonger i lag med den som er teken.
  • Ein kan avgrense kva for rørsle den med sisten kan gi, til dømes kva for eit nivå dei kan få bevege seg på (nede på golvet, opp mot taket eller midt imellom), eller kva for retning rørsla skal skje i (framover, bakover, til sida, inn mot midten. Ein kan også bruke himmelretningar, som nord i rommet).

4. Hobbydansen 1

  • Kvar elev finn ein gjenstand eller utstyr dei ønskjer å bruke i denne rytmeøvinga.
  • Eleven skal gjere rørsler med utstyret. Dette kan vere både rørsler som er vanlege å gjere med dette utstyret, men det kan også vere heilt andre rørsler. Alle skal lage fire rørsler kvar, i rytmen til musikken.
  • I neste trinn tek de bort utstyret, og skal gjere dei same rørslene utan utstyret, alt i rytme til musikken.
  • Til slutt skal to og to gå saman og lære bort rørslene til kvarandre, og deretter setje saman rørslene sine til ein dans på åtte rørsler.
  • Ein kan også fortsetje øvinga ved å setje to og to par saman til ei gruppe på fire. Den nye gruppa skal lære bort dansen til kvarandre og setje det saman til ein dans med 16 ulike rørsler.

5. Hobbydansen 2

  • Del inn i grupper på om lag fem elevar.
  • Kvar deltakar i gruppa vel seg ut éin idrett eller éin hobby. Alle på gruppa må velje kvar sin.
  • Så skal dei finne rørsler som er vanlege å finne i denne idretten eller hobbyen. Dette skal setjast saman til ein dans der alle på gruppa deltek.
  • Bruk ein låt som blir repetert kontinuerleg i 15 minutt. Alle gruppene lagar dans til denne låten.

6. Danse namnet

  • Alle skal stå ein og ein med ansiktet vendt inn mot veggen.
  • Alle skal danse namnet sitt. Det kan ein anten gjere ved å danse bokstavane i namnet, eller ved å danse namnet sitt symbolsk, betydinga av namnet sitt eller noko ein sjølv står for – dette er meg!
  • Så skal to og to gå saman og lære bort rørslene til kvarandre, for deretter å setje dansane saman til éin dans.
  • Ein kan fortsetje med å setje to og to par saman til ei gruppe på fire. Dei skal lære bort dansen til kvarandre og setje saman til éin dans.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020