Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonsetiske prinsipp i kommunikasjonsbransjen

Jobbar du ut frå profesjonsetiske prinsipp som kommunikasjonsrådgjevar, må du ta omsyn til meir enn berre verksemda sine eigeninteresser. Du må også vere i dialog med omgivnadane.
Menneskemengde blir balansert mot rot. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Profesjonsetikk er grunnen til at ein lege reddar liv, sjølv om pasienten har gjort noko forferdeleg, eller at ein advokat brukar jussen til det beste for klienten sin, uavhengig av om ho eller han står bak eit forferdeleg mord.

Jobbar du med kommunikasjon i ei verksemd, har du også etiske prinsipp du held deg til, men etikken står ikkje like sterkt som for advokatar og legar.

Profesjonsetiske prinsipp i kommunikasjonsbransjen

Bransjeorganisasjonen i Noreg er Kommunikasjonsforeningen. Foreininga har foreslått at alle som jobbar med kommunikasjon bør handle i tråd med nokre bestemte profesjonsetiske prinsipp. Desse skal gjelde på tvers av alle situasjonar og skal ideelt sett leggje føringa for kva som er norma for åtferd i bransjen.

  • Medlemmane skal vere reielege og utvise integritet. Dette betyr at den som jobbar med kommunikasjon, ikkje skal lyge eller manipulere.
  • Medlemmar skal ikkje gå på akkord med eigne etiske prinsipp fordi sjefen gir ordre om det.
  • Omsynet til samfunnet sitt beste bør vere avgjerande.

Etikk i praksis – å ta samfunnsansvar

Når du jobbar med kommunikasjon i ei verksemd, og skal hjelpe arbeidsgivaren din med etikk, er det minst to ting som gjeld:

  • For det første må du minne om at verksemda må ta omsyn til andre ting enn berre eigne interesser.
  • For det andre må du bidra til at verksemda har ein systematisk dialog med omgivnadane. Kva synest eigentleg folk? Kva er akseptabel åtferd?

Eit etisk forankra utgangspunkt vil vere å planleggje kommunikasjon med tanke på å ta samfunnsansvar.

Det betyr at ei bedrift ikkje berre kan konsentrere seg om å tene mest mogleg pengar. Bedrifta må også ta omsyn til eigne tilsette og til miljøet. Dette kan kallast ei etisk plattform for bransjen som seier: «Slik bør du oppføre deg.»

CC BY-SASkrive av Øyvind Ihlen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid