Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Haldningskampanje for å redusere matsvinn

I denne oppgåva skal de jobbe i grupper med å lage ein haldningskampanje for å skape auka forståing for viktigheita av å redusere matsvinn.

Matsvinn er all maten vi kastar før han blir dårleg, eller mat som ikkje er heilt fersk lenger, slik Ingrid Vik Lysne fortel om i videoen ovanfor. Eit av FNs berekraftsmål er at vi skal halvere matsvinnet vårt innan 2030.

Cirka ein tredel av all mat som blir produsert på verdsbasis til menneskeleg konsum, blir kasta eller går til spille. Dette utgjer heile 1,3 milliardar tonn mat som går rett i søpla, kvart år. Vi er rett og slett ikkje flinke nok til å ete opp maten vi kjøper. Det må vi gjere noko med.

Å redusere matsvinn er ikkje berre viktig for å redusere klimautslepp, men gjer òg at vi kan spare mykje pengar på mat. Dette seier influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig Student, meir om i videoen nedanfor.

Oppdrag: Planlegg ein haldningskampanje


Formålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.

Kampanjen skal ha som mål å oppmode forbrukarar til å redusere kasting av mat ved å tenkje ut nye måtar å bruke opp maten på.

De har ansvaret for

  • å planleggje ein haldningskampanje ved å formulere bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje ein miks av kommunikasjonskanalar
  • å skrive eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar

Tips til oppgåveløysing:

  • Formuler ein tydeleg bodskap som de vil nå ut med i haldningskampanjen.
  • Gi eit truverdig inntrykk: Truverd er avgjerande for at haldningskampanjen skal lykkast i å endre måten folk tenkjer og oppfører seg på.
  • Vurder verkemiddel: Ein haldningskampanje må appellere både til hjartet og til hjernen. De kjenner målgruppa dykkar, vel derfor verkemiddel de veit «treffer» dei.
  • Test og vurder ideen dykkar: Lag skisser, og bruk gjerne eit utval personar med ulik bakgrunn til å teste ideen dykkar før de går i gang med vidare planlegging og utforming av haldningskampanjen.
  • Planlegg ein miks av kommunikasjonskanalar:

    Det kan vere vanskeleg og tidkrevjande å få folk til å endre haldningar. Å lage ein videosnutt er ikkje nødvendigvis nok. Bodskapen kan gjerne presenterast i ulik form og i ulike kommunikasjonskanalar. Planlegg ein miks av kommunikasjonskanalar, ein såkalla mediemiks, for kampanjen.

  • Utvikle gjerne innhald til haldningskampanjen, og ha ei framsyning for klassen.

Relatert innhald

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid