Hopp til innhald
Fagartikkel

Nærvær på nett: Politiets nettpatrulje Vest

Korleis profilerer verksemder seg i ulike medium? Politiets nettpatrulje Vest har oppretta sin eigen brukar på TikTok for å nå ut til barn og unge. For å nå litt eldre målgrupper bruker dei òg Facebook og Instagram.

Nettpatruljen er ein del av satsinga til politiet på nærvær på nett. Politiet ønsker å nå innbyggarar i alle aldrar og å vere meir synlege, og dei lagar derfor ulikt innhald på nett som er tilpassa ulike målgrupper. I 2021 var den yngste Politiets nettpatrulje Vest fekk førespurnad frå, 8 år, og den eldste var 82 år.

Politiets nettpatrulje Vest publiserer innhald både på TikTok, Instagram og Facebook. Sosiale medium er ein relativt ny kanal å vere i kontakt med politiet på, både for barn, unge og vaksne. Innhald som nettpatruljen publiserer på TikTok, er tilpassa barn og unge, mens på Instagram har dei unge vaksne som målgruppe. Innhald som dei publiserer på Facebook, er først og fremst retta mot vaksne og eldre.

Tenk over

Kva synest du om at du kan kontakte politiet på sosiale medium?

Kor mange følgarar har @politivest på TikTok?

Humor er eit verkemiddel i nokre av TikTok-videoane til politiet. Trur du at det å vise ei gøyal side av politiet kan endre haldningar til politiet? Korleis, i så fall?

Strategisk bruk av TikTok

Politiet ønsker å vere til stades der dei unge er, og TikTok har vist seg å vere ein veleigna kanal for å nå ut til barn og unge. Det er ikkje tilfeldig at politiet legg ut videoar av dans eller andre trendar på TikTok. Formålet er først og fremst å nå ut med førebyggande bodskapar, gi råd og rettleiing og førebygge kriminalitet. Men for å lykkast på TikTok må politiet engasjere og ha følgarar. Det vil vere vanskeleg å engasjere og få mange følgarar dersom dei berre lagar videoar om lover og reglar.

TikTok-videoane har vist seg å vere svært populære, anten det er med humoristiske innslag, TikTok-dansar eller nyttig opplysningsinnhald. Fleire har no vorte merksame på at politiet er til stades på nett, noko som har ført til at fleire unge tek kontakt.

Kva synest du om TikTok-videoane til politiet? Har du sett nokon slike tidlegare? Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Politiets nettpatrulje er avhengig av å legge ut innhald som fenger publikum. Det er mange som kjempar om merksemda, og politiet har berre nokre sekund på å fange merksemda til følgarane med videoane sine. Det er likevel ikkje berre moro, show og dans på TikTok-kontoen til Politiets nettpatrulje. Dei blandar òg inn informasjon som førebyggande tiltak mot nettmobbing og tips om nettsikkerheit.