Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Case: Etikk i kommunikasjonsarbeid

Bedriften er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke.
Forretningsmann handhelsar på ein mann med hovudet i tåka. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case

Du er kommunikasjonsansvarleg i hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet. De er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke. De går for tilbodet.

Kva svarar du journalisten som ringer etter møtet og spør: «Har de hatt møte med investor X?»

Oppgåve

  1. Jobb saman i grupper på to eller tre eller bruk samtavla til case'et.
  2. Trekk inn dei etiske retningane pliktetikk og konsekvensetikk.
  3. Identifiser kven kommunikasjonsrådgjevaren har forpliktingar overfor.
  4. Presenter ulike moglege handlemåtar, og grunngi desse ut frå profesjonsetiske prinsipp i kommunikasjonsbransjen og bransjenormer om samfunnsansvar.
  5. Lag ei oppsummering og avtal levering med lærar.
CC BY-SASkrive av Øyvind Ihlen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2019

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid