Kommunikasjonsarbeid og demokrati
Informasjon og open dialog er viktige demokratiske verdiar og rettar. For offentlege styresmakter er det ei demokratisk plikt å gi god informasjon, og publikum har krav på innsyn i det styresmaktene driv med.
I eit demokrati er det viktig med open diskusjon rundt ulike prosessar, som offentleg politikk og forvaltning. Det er avgjerande at offentlege styresmakter baserer kommunikasjonsarbeidet sitt på openheit og innsyn. Det kan styrkje tilliten innbyggjarane har til demokratiet.
Mange offentlege etatar har eigne informasjonsavdelingar. Kommunikasjonsarbeidarar utarbeider kommunikasjonsstrategiar og ulike informasjonstiltak. Slik får publikum informasjon om rettar, politiske avgjerder og ulike hendingar i offentleg sektor.
Omdømmebygging er ein viktig del av kommunikasjonsarbeidet. Omdømmebygging handlar om å byggje eit godt forhold til omgivnadene og skape tillit ved å trekkje fram dei positive sidene ved verksemda.
For publikum er det viktig at offentlege verksemder legg til rette for openheit og innsyn. Om folk skal kunne danne seg ei meining om til dømes god og effektiv bruk av offentlege midlar, må verksemdene informere om prosessane rundt ulike avgjerder på ein god måte. Informasjonen må vere sakleg og lett forståeleg.
Dei bør òg leggje til rette for dialog med aktuelle målgrupper. Då kan dei få tilbakemeldingar undervegs i prosessen. Skal informasjonstiltaka lykkast, må dei ta i bruk verkemiddel og kanalar som er tilpassa dei ulike målgruppene.
Døme
Utdanningsdirektoratet har mellom anna ansvar for å utvikle læreplanar for skulen i Noreg. I dette arbeidet er det stort behov for informasjon, og det er viktig at publikum er godt informert og involvert gjennom heile prosessen.
Det er avgjerande at direktoratet viser openheit og går ut med aktuell informasjon til dei ulike målgruppene. Då har publikum høve til å gjere seg opp ei meining om prosessen.
Kommunikasjonsforeininga har utarbeidd eit sett med profesjonsetiske prinsipp som beskriv korleis medarbeidarar skal opptre i arbeidet.
Desse prinsippa er utarbeidde for kommunikasjonsarbeidarar både i offentlege etatar og i private bedrifter og organisasjonar.
Dei etiske retningslinjene slår fast at ein kommunikasjonsarbeidar skal jobbe for openheit og innsyn og bidra til forståing og opplyst samtale.