Hopp til innhald

Fagstoff

Krisekommunikasjon

Krisekommunikasjon handlar om korleis ei verksemd kommuniserer når ei krise oppstår. Formålet er å bringe relevant informasjon ut til publikum. Under koronapandemien vart klar og tydeleg kommunikasjon særs viktig.
Helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Bent Høie og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg står bak kvar sin talarstol på ein pressekonferanse. I salen framfor dei sit journalistar på stolar som er plasserte med god avstand mellom seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krisekommunikasjon

Alle verksemder kan oppleve kriser og uventa situasjonar dei ikkje har kontroll over. Ei krise kan skildrast som ei alvorleg hending eller ein situasjon som kan truge viktige verdiar og svekke evna ein organisasjon eller ei verksemd har til å utføre funksjonane sine.

Krisekommunikasjon handlar om korleis ei verksemd kommuniserer under ei krise. Formålet med krisekommunikasjon er å bringe relevant informasjon ut til publikum.

2020: Noreg i krise

12. mars 2020 kom den norske regjeringa med sterke og inngripande tiltak. Styresmaktene skulle handtere ei krise valda av ein farleg pandemi. Regjeringa kalla inn til pressekonferanse for å gi informasjon om koronaviruset og smitteverntiltaka. Sjå sendinga frå pressekonferansen på nettsidene til regjeringa.

Tenk over

  • Kvifor er det viktig at ei verksemd har planar for krisekommunikasjon?

  • Kor godt var Noreg førebudd på ei nasjonal krise 12. mars 2020?

Kommunikasjon under koronakrisa

Koronapandemien er eit døme på ei krise som råka alle sektorar i samfunnet, han påverka heile befolkninga. Publikum hadde stort behov for informasjon.

Situasjonen var uføreseieleg og i stadig endring. Ny informasjon og oppdaterte smitteverntiltak skulle formidlast. Det var viktig å sikre at befolkninga skjønte alvoret i situasjonen.

Fire unge personar med munnbind og blide auge helser på kvarandre med olbogane. Foto.

Kriser og kommunikasjonsplanar

I ei krise blir klar og tydeleg kommunikasjon særs viktig. Korrekt informasjon må ut raskt, og ulike forhold må avklarast på ein tydeleg måte.

Store verksemder planlegg korleis dei skal handtere kommunikasjonen ved eventuelle kriser. Krisekommunikasjon er ofte ein integrert del av kommunikasjonsplanen i verksemda.

Ein kriseplan fokuserer på ulike forhold, til dømes

  • kven som har ansvar for å informere i ei krise

  • korleis verksemda skal kommunisere på ulike plattformer

  • potensielle kriser som kan råke verksemda

Øve på kriser

Dersom ei krise inntreffer, er det ikkje nok å ha lagt planar for krisekommunikasjonen, organisasjonen må òg øve på kriser.
Under øvingar set ein opp scenario for kva som kan skje, og den planlagde kommunikasjonen skjer etter eit fast mønster.

Ein brannbil køyrer med blålys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Under ei krise bruker ein gjerne ein kombinasjon av fleire informasjonstiltak. Kvifor det?

Ulike informasjonstiltak

I samband med større hendingar i det offentlege rommet blir pressekonferansar ofte brukte som formidlingskanal. Det kan vere ein effektiv måte å få ut informasjon på. Pressekonferanse er døme på eit informasjonstiltak.

Under ei krise bruker ein gjerne ein kombinasjon av ulike informasjonstiltak. Informasjon blir publisert både på tv, på radio og i sosiale medium samtidig for å nå ut til målgruppa på ein effektiv måte. Dei ulike tiltaka kan forsterke eller utfylle kvarandre.

Under koronakrisa tok regjeringa og dei ulike departementa i bruk både pressekonferansar og andre informasjonstiltak. Målet var å gi publikum tydeleg og oppdatert informasjon gjennom heile pandemien.

Sosiale medium som publiseringskanal

I digitale flater kan informasjonen rettast til heilt konkrete målgrupper. Slik kan informasjonsspreiing på sosiale medium vere ein effektiv måte å nå ut til bestemte målgrupper på. Under koronapandemien gjekk Helsedirektoratet ut med informasjon på YouTube, retta mot barn og unge.

Sjå filmen "Informasjon til barn og unge om det nye koronaviruset" på nrk.no.

Kjelde

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. (2016, november). Veileder krisekommunikasjon. Henta 26. april 2021 frå https://www.dsb.no/lover/risiko-sarbarhet-og-beredskap/veileder/veileder-krisekommunikasjon

CC BY-NC-NDSkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Petter Skretting.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid