Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjonsarbeid i Forsvaret

Informasjon og open dialog er viktige demokratiske verdiar og rettar. Forsvaret er ein del av offentleg sektor, og publikum har krav på innsyn. I denne oppgåva skal du undersøkje og vurdere ulike informasjonstiltak som Forsvaret står bak.
Ein tropp med rekruttar står oppstilte i givakt. Den fremste i troppen gir honnør til ein med høgare rang som står framom dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For offentlege styresmakter er det ei demokratisk plikt å gi god informasjon basert på openheit og innsyn. Det skal styrkje tilliten innbyggjarane har til demokratiet. Forsvaret er ein del av offentleg sektor og bruker mykje ressursar på kommunikasjonsarbeid.

No skal du undersøkje og vurdere ulike informasjonstiltak som Forsvaret står bak.

Oppgåve 1) Omdømmebygging

Omdømmebygging er ein viktig del av informasjonsarbeidet i Forsvaret. Omdømmebygging handlar om å byggje eit godt forhold til omgivnadene og skape tillit. Dei positive sidene ved verksemda skal trekkjast fram. Forsvaret vil fortelje befolkninga kva dei driv med.

Sjå filmen om Marinejegerkommandoen, og reflekter omkring desse spørsmåla:

  1. Kva er føremålet med denne informasjonsfilmen?

  2. Kva for eit bilete teiknar Forsvaret av si eiga verksemd?

  3. Kva for nokre etiske utfordringar ligg i det å skulle formidle bilete av øvingar og krigføring for å byggje eit positivt omdømme?

  4. I kor stor grad opnar denne kommunikasjonen opp for kritiske haldningar og debatt om det Forsvaret driv med?

Oppgåve 2) Vurder informasjonsfilm

Kvifor skal Noreg eigentleg ha nye kampfly? Og nye avanserte ubåtar og overvakingsfly?

Sjå denne informasjonsfilmen frå Forsvaret, og svar på spørsmåla under:

  1. På kva måte blir du påverka av filmen?

  2. Korleis fungerer informasjonstiltaket? Vurder informasjonsfilmen.

  3. Filmen er laga for å rekruttere, informere og skape eit godt omdømme. Kor einig er du i biletet forsvaret teiknar av si eiga verksemd?

  4. På kva måte kan denne informasjonsfilmen vere med på å styrkje fellesskapet og demokratiet vårt?


Oppgåve 3) Retorikk og verkemiddel

a) Klikk deg inn på lenkja, og sjå filmen som blei publisert på Forsvarets Facebook-side 9. april 2021

b) Les denne fagteksten om retorikk:

Relatert innhald

c) Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva appellformer speler Forsvaret på for å overtyde og påverke oss i denne filmen? Ta notat og finn konkrete døme frå filmen.

  2. Korleis blir historiske bilete, lydar, musikk og sitat brukte for å forsterke bodskapen i forteljarstemma?

  3. Korleis blir du påverka av informasjonsfilmen?

Presenter til slutt svara for sidekameraten.

Oppgåve 4) Studer innlegg på sosiale medium

Gå saman i grupper på tre. Finn døme på ulike innlegg frå Forsvaret på Facebook og Instagram.

a) Studer dei ulike innlegga, ta notat. Fokuser på desse punkta:

  • Kva er føremålet med innlegget?

  • Kven er målgruppa for denne informasjonen?

  • På kva måte legg innlegget opp til dialog med målgruppa?

  • Kva verkemiddel blir nytta?

  • På kva måte kan dette innlegget vere med på å styrkje tilliten innbyggjarane har til Forsvaret?

b) Oppsummering. Diskuter spørsmåla i klassen:

  • Kvifor er det viktig at Forsvaret held publikum orientert om kva dei driv med?

  • Vurder i kva grad informasjonstiltak frå Forsvaret fell inn under «openheit og innsyn i offentleg sektor»?

  • På kva måte kan openheit og innsyn i offentleg sektor styrkje demokratiet?

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid