Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein valbrosjyre

Alle politiske partia som stiller til val, har ein eigen valbrosjyre med informasjon om kva partiet står for. No skal du lage utkast til ein slik brosjyre.
Ei kvinne med valbrosjyrar i handa står ved inngangen til eit hus og snakkar med ein person som står innanfor døra. Personen er ikkje synleg fordi det er plassert ei stor mørk søppelkasse ved sida av døra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som eit ledd i den politiske marknadsføringa i forkant av val deler partia ut valbrosjyrar i postkasser eller på stands. I valbrosjyrane informerer dei om viktige kampsaker på ein måte som dei håper vil appellere til veljarane. Her er nokre døme:

Valbrosjyre for Kristeleg folkeparti i Vest-Agder 2017 (stortingsval)

Valbrosjyre for Senterpartiet i Aurskog-Høland 2019 (kommuneval)

Valbrosjyre for Venstre i Alta 2019 (kommuneval)

Oppdrag

Lag ein valbrosjyre for eit politisk parti.

Alle partia har eit politisk program som dei stiller til val på. Søk opp partiprogrammet til det partiet du skal marknadsføre. Set deg godt inn i partiprogrammet og studer nettsidene til partiet. Deretter lagar du ei skisse, gjerne på papir.

Tenk gjennom:

  • Kven er målgruppa for denne brosjyren?

  • Kva er hovudbodskapen til partiet?

  • Kva for bilete illustrerer best det partiet står for?

  • Kva for eit av desse bileta appellerer mest til mottakargruppa?

  • Kva for fargar bør vere gjennomgåande?

  • Kva for illustrasjonar eller logoar vil du bruke?

  • Kva skal vere blikkfanget/stoppeffekten i brosjyren?

  • Skriv teksten til brosjyren, og vel overskrifter.

Deretter set du tekst, bilete og illustrasjonar saman til ein brosjyre ved hjelp av eit tekstredigeringsverktøy eller eit desktop publishing-verktøy.

Dersom du er nøgd med resultatet, kan du dele det med andre på Issuu. Hugs at du då berre må bruke bilete som er opphavsrettsklarerte, og at du må informere om at brosjyren er eit elevarbeid.

Her ser du eit døme på eit elevarbeid som er publisert i Issuu. Valbrosjyren er laga som ei skuleoppgåve av mediefageleven Andreas Wehus i samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid