Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk i kommunikasjonsarbeid

Korleis bør du oppføre deg når du driv kommunikasjonsarbeid? Er det ok å lyge dersom hensikta er god? Er det greitt å lage «drittpakkar», altså å gi journalistar negativ informasjon om konkurrentar? Etikk hjelper oss med slike spørsmål.
Personar som balanserer på kompasshjul. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk gir oss verktøy til å beskrive, diskutere og argumentere for ulike handlemåtar og åtferd. Innanfor kommunikasjonsarbeid forstår vi vanlegvis åtferd som planlagd kommunikasjon.

Du er kommunikasjonsrådgjevar i ein kjend fotballklubb

Kasseraren i klubben blei speleavhengig etter ei trafikkulykke der kona hans blei drepen, og underslo 100 000 kroner frå klubbkassa.

Han blei oppdaga og betalte tilbake pengane. Klubben valde derfor å ikkje melde han til politiet. Mannen har fleire barn i klubben, og er no i ferd med å byggje seg opp psykisk.

Så ringer ein journalist fordi han har høyrt rykte om underslaget. Kva gjer du?

Kjenner du til etiske retningar, hjelper dei deg med å sortere og ta standpunkt til om ei bestemt åtferd er god eller ikkje.

Etiske retningar i kommunikasjonsarbeid

Det finst ulike retningar i etikken. Tre retningar som er spesielt relevante for ein kommunikasjonsarbeidar, er:

  1. Pliktetikk
  2. Konsekvensetikk
  3. Diskursetikk

Etiske retningar set ulike standardar, dei har sine styrkar og svakheiter, og dei kan også stå mot kvarandre.

Mens pliktetikk og konsekvensetikk kan brukast for å avgjere om noko er rett eller gale, er diskursetikken meir ein metode for å kome fram til kva som er rett eller gale i ein viss situasjon.

1 Pliktetikk

Pliktetikken seier at det finst visse moralske normer og reglar som bestemmer kva som er rett eller gale, til dømes at du ikkje skal lyge, stele eller drepe. Desse reglane har vi plikt til å følgje, uavhengig av kva for konsekvensar det har.

For pliktetikarane er det eit poeng at du skal følgje dei moralske pliktene uavhengig av korleis du opplever det.

Døme: Står du framfor eit fjernsynskamera som kommunikasjonsrådgjevar, gjer du det moralsk riktige sjølv om det kan kjennast ubehageleg. Du vel å ikkje lyge, fordi du har ei moralsk plikt til å fortelje sanninga.

Utfordringane for ein pliktetikar er at han eller ho kan bli blind for resultatet av handlingane sine: Kva gjer du når det er konflikt mellom ulike plikter?

2 Konsekvensetikk

Konsekvensetikk fokuserer på at du skal handle slik at resultatet av handlinga blir best mogleg. Konsekvensetikaren kan ende opp med å bruke uetiske middel, til dømes lyge fordi hensikta heilagar middelet.

Døme: Sett at du jobba som kommunikasjonsrådgjevar for Raudekrossen. Det er viktig for deg å få merksemd om denne organisasjonen og sakene han jobbar med. Men måten du skapar merksemd på, er ikkje så viktig. Du kan lage eit PR-stunt der du lurer publikum og underslår kven som står bak.

3 Diskursetikk

Personar samtalar og deler tankar med kvarandre. Illustrasjon.

Diskursetikken er «prosedural», det vil seie at han beskriv ein viss framgangsmåte for å kome fram til kva som er riktig å gjere, og så lenge du følgjer metoden eller prosedyren, vil handlinga vere riktig.

Metoden går ut på at alle involverte partar diskuterer seg fram til ei felles semje om kva som er riktig å gjere:

  • Alle involverte partar må delta.
  • Alle må argumentere for standpunkta sine.
  • Alle må vere villige til å la det beste argumentet vinne, slik at det er mogleg å kome fram til ei felles semje til slutt.

Diskursetikk er veldig aktuelt for kommunikasjonsarbeidarar, fordi han formulerer eit ideal for den offentlege samtalen. Dette kjem til utrykk til dømes i «tilsvarsretten» i pressa og i idealet om at alle involverte partar skal kunne uttale seg og seie meininga si om ei sak, i media.

Vi må hugse på at framgangsmåten er eit ideal. Korleis få det til i praksis? Skal du gjere noko offentleg som kommunikasjonsarbeidar, er det vanskeleg å først diskutere med alle som er involverte i saka utan å samtidig sleppe katta ut av sekken.

Diskursetikaren kan dessutan bli så fokusert på dialogprosessen at ho eller han gløymer utfallet. Sjølv om utvekslinga av argument og diskusjonen har vore god, treng ikkje resultatet bli bra.

CC BY-SASkrive av Øyvind Ihlen og Karl Henrik Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid