Studer ein haldningskampanje
Sjå denne filmen:
Statens vegvesen på YouTube: 3 av 10 dødsulykker skyldes uoppmerksomhet.
Filmen er brukt som eit av tiltaka i haldningskampanjen "Takk for oppmerksomheten". Den nasjonale kampanjen bestod av fleire ulike informasjonstiltak, som informasjonsfilmar, innlegg på sosiale medium og informasjon på ulike nettsider.
Gå saman i grupper på fire. De skal studere ulike sider ved haldningskampanjen "Takk for oppmerksomheten".
Fordel dei ulike områda nedanfor mellom dykk slik at gruppa får svart på alle spørsmåla.
Noter svara i eit digitalt fellesdokument.
Til slutt skal kvar gruppemedlem presentere svara på sitt område til resten av gruppa.
Målet er at gruppa skal få brei forståing av ulike sider ved kampanjen, som bakgrunn, ressursbruk, effekt og verkemiddel.
Kvar gruppemedlem presenterer svara for sitt område munnleg for resten av gruppa.
Alle i gruppa kjem med innspel til kvarandre.
Korleis fungerte gruppearbeidet?
Kva har de lært av denne oppgåva?
Relatert innhald
Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.