Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsaktivitetar

Alle aktivitetar og arrangement som ei bedrift har som eit ledd i marknadsføringsarbeidet, blir kalla for marknadsaktivitetar. Det kan vere aktivitetar som marknadsføringskampanjar, kurs for kundar og tilsette og arrangement for nye og eksisterande kundar.
Personar går rundt mellom stands på ei reiselivsmesse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsaktivitetar

Marknadsaktivitetar er ei fellesnemning for alle aktivitetar som bedrifter gjennomfører innanfor ein tidsperiode for å fremje sal og vekst i bedrifta. Alle marknadsaktivitetar gjennom året blir beskrive i marknadsplanen til ei bedrift, som er ein slags aktivitetsplan. Ein slik plan beskriv kva som skal gjerast, kven som er ansvarleg og når aktivitetane skal gjennomførast.

Ein marknadsplan strekkjer seg vanlegvis over tolv månader og følgjer som regel kalenderåret. Marknadsplanen er ein del av marknadsstrategien til bedrifta, som gjerne blir utarbeidd for ein periode på tre til fem år.

Når du skal planleggje marknadsaktivitetar, bør du tenkje på å variere aktivitetane slik at du når alle i målgruppa di. Det er òg viktig at aktivitetane er målretta og passar i bransjen din.

 Fire smilande personar sit rundt eit bord og tek ein felles "high five" inn mot midten av bordet. Foto.

Døme på marknadsaktivitetar

Somme aktivitetar fungerer så godt at dei blir ein årleg tradisjon som både kundar og tilsette gler seg til. Dette kan vere ulike salsmesser i inn- og utland eller tilstellingar som til dømes den årlege hagefesten til Aschehoug forlag.

Kurs, konferansar og seminar er òg former for marknadsaktivitetar der ein kan invitere både tilsette og eksisterande og potensielle kundar. Slike store marknadsaktivitetar krev mykje planlegging og kostar gjerne mykje pengar, så derfor må ein vurdere nytteverdien nøye.

Relatert innhald

Markedsaktivitetane er ein viktig del av marknadsplanen. Det er ei konkret skildring av dei aktivitetane vi ønskjer å gjennomføre i ein gitt tidsperiode.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021

Læringsressursar

Arrangement og marknadsaktivitetar