Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit webinar!

Kva vil det eigentleg seie å arrangere eit webinar, og kor mykje arbeid krevst for at det skal bli vellykka og engasjerande?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppearbeid

De er reiselivsekspertar på berekraftig reiseliv og skal lage eit 30 minutt langt webinar om eitt av FNs berekraftsmål.

Bli einige med læraren om tidspunkt for live-sending.

Del 1

  • Webinaret skal handle om eitt av dei følgjande tre berekraftsmåla til FN, der reiseliv spesifikt er nemnt:

    • mål nr. 8: anstendig arbeid og økonomisk vekst

    • mål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon

    • mål nr. 14: liv under vatn

  • Klassa blir delt i tre grupper, og læraren trekkjer kva gruppe som får ansvar for kva mål.

  • Kvar gruppe må setje seg inn i målet sitt, og diskutere korleis reiseliv kan bidra til å nå målet.

Les om måla på Visit Norway Innsikt

På nettsida Bærekraftig reiseliv (visitnorway.com) kan du lese meir om korleis Innovasjon Noreg jobbar for eit meir berekraftig reiseliv i Noreg.

Her finn du òg meir informasjon om berekraftsmåla (PDF) (Innovasjon Noreg).

Del 2

  • Gjennomfør ein liten brainstorming i gruppa og bli einige om målet med webinaret. Kva kunnskap ønskjer de at deltakarane skal sitje igjen med etterpå?

  • Bli einige om forma på webinaret. Korleis skal det engasjere? Korleis skal innhaldet presenterast? Webinaret kan bestå av ulike delar, til dømes ein diskusjon, eit intervju, eit foredrag og gjerne ha med videoar / små filmsnuttar.

  • Lag eit manuskript og ein tidsplan, og fordel roller.

  • Øv, øv, øv. Øv gjerne åleine framfor spegelen eller film kvarandre og sjå opptaket saman slik at de kan gjere endringar og/eller øve meir.

  • Gjer eit prøveopptak som dykk ser på saman. Diskuter og gjer endringar.

  • Bli einige om oppsettet på dykkar webinar.

Korleis setje opp live event og webinar med Microsoft Teams

På bloggsida Hvordan sette opp live event og webinar med Microsoft Teams (ags.no) finn du framgangsmåten i tekst.

Del 3

  • Marknadsfør webinaret og lag invitasjonar til klassa.

  • Legg gjerne ved delar av programmet som smakebitar.

  • Lag ei spørjeundersøking som de kan gjennomføre på slutten av webinaret for å få tilbakemeldingar frå deltakarane.

  • Gjennomfør helst webinaret "live" for å få interaksjon med deltakarane, men gjer opptak samtidig.

  • Når alle har gjennomført webinaret, kan de diskutere og reflektere saman i klassa: Kva kan vere fordelar og ulemper med webinar samanlikna med eit fysisk seminar?


Relatert innhald

Eit webinar kan samanliknast med eit seminar, men den store forskjellen er at det går føre seg digitalt.


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Arrangement og marknadsaktivitetar