Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit digitalt arrangement

I denne gruppeoppgåva skal de planleggje, gjennomføre og evaluere eit digitalt arrangement.
Seks personar deltek i eit digitalt møte. Foto.

Under covid-19-pandemien blei Teams og andre digitale møteplattformer mykje brukte. Undervisning og oppgåver blei leverte digitalt. I arbeidslivet har mange tilsette hatt heimekontor og gjennomført digitale møte med kollegaer og kundar. Mange har følgt webinar i staden for å reise på seminar. Korleis kan vi best gjennomføre eit digitalt arrangement?

De skal i denne oppgåva planleggje, gjennomføre og evaluere eit digitalt arrangement.

Som innleiing til oppgåva skal de høyre på ein podkast om gjennomføringa av Oslo Pride 2020. Dette arrangementet gjekk på kort tid frå å vere ein fysisk festival til å bli eit digitalt arrangement.

Etter å ha høyrt på podkasten skal de reflektere over desse spørsmåla:

Tenk over

På kva måte er digitale og fysiske arrangement ulike, men også like?

Korleis kan digitale arrangement nå nye og større målgrupper enn fysiske arrangement?

Kva sikkerheitsvurderingar må takast i samband med eit digitalt arrangement?

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Digital Pride

Podkasten Digital Pride handlar om korleis det tradisjonelle Pride-opptoget blei gjennomført som eit digitalt arrangement i 2020. Dette var første gongen organisasjonskomiteen laga eit stort digitalt ...

0:00
-0:00

Oppgåve

Bestem dykk for kva slags digitalt arrangement de vil gjennomføre. Det kan til dømes vere eit arrangement i samband med OD-dagen. Om de driv ungdomsbedrift, kan de lage eit arrangement i regi av den.

  1. Planlegg arrangementet. Det bør ha ein innleiar, og i tillegg må de planleggje innhaldet og kanskje ein spørsmålsrunde. Planlegg òg gjerne å dele gruppa opp i mindre grupper, såkalla breakout-rooms.
  2. Gjennomfør arrangementet.
  3. Evaluer arrangementet. Be deltakarane fylle ut eit spørjeskjema etter at det er ferdig. Til dette kan de til dømes bruke spørjeundersøkingsverktøyet Forms frå Microsoft eller Google. Evaluer arrangementet ved å sjå på tilbakemeldingane frå deltakarane. Til slutt diskuterer de i gruppa kva de har erfart, og korleis de kan bruke erfaringane når de skal planleggje eit nytt arrangement.

Bruk gjerne ressursane nedanfor i arbeidet med oppgåva.

Relatert innhald

Digitale møte har vorte daglegdagse. Vi møtest via digitale program. Om nokre år sit vi sannsynlegvis rundt møtebordet i ei virtuell verd.

Når du skal arrangere eit stort møte eller ein konferanse i ei bedrift, kan du ha nytte av å bruke eit digitalt planleggingsverktøy.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Arrangement og marknadsaktivitetar