Hopp til innhald

Fagstoff

Webinar

Covid-19 har vist oss at vi må tenkje nytt, og at digitale løysingar til dels kan, eller må, erstatte fysiske samlingar. Eit webinar kan samanliknast med eit seminar, men den store forskjellen er at det går føre seg digitalt. Webinar kan køyrast i sanntid, eller dei kan vere førehandsinnspelte.
Seks personar deltek i eit digitalt møte. Foto.

Digitale løysingar

Covid-19-situasjonen gjorde det utfordrande å treffast fysisk til møte, seminar, føredrag og andre marknadsaktivitetar. Då var digitale løysingar ein effektiv måte å formidle ein bodskap på til mange deltakarar.

Webinar

Webinar er eit godt alternativ for bedrifter til å kommunisere både internt i bedrifta og eksternt til til dømes eksisterande og moglege nye kundar.

Eit webinar

  • er eit online seminar, kurs eller event

  • gjer det mogleg å lære bort noko til ei gruppe menneske, å skape merksemd rundt ei bedrift eller eit produkt, eller å arrangere andre marknadsaktivitetar utan å vere i same rom

  • er veldig praktisk i situasjonar der vi ikkje har moglegheit til å møtast fysisk, men likevel ønskjer ein interaksjon med publikum

Fordelar med webinar

Webinar blir strøymde, og viss strøyminga skjer i sanntid, er det mogleg for deltakarane å sende inn spørsmål som du eller føredragshaldaren kan svare på undervegs.

Ein stor fordel med eit webinar er at det er mykje rimelegare å arrangere enn tradisjonelle seminar. Du treng ikkje betale for leige av lokale, for mat og drikke og for eventuelle reisekostnader.

Ved å gjere opptak kan endå fleire sjå webinaret. Du kan leggje opptaket i ein av salskanalane dine, og på den måten blir webinaret ein ressurs for bedrifta òg i ettertid.

Kva må du hugse på?

Nøye og god planlegging er nøkkelen til eit vellykka webinar. Ingen liker møte som trekkjer ut i tid, som ikkje kjennest meiningsfylte, eller som manglar eit konkret mål.

Derfor er desse punkta viktige:

  1. Bestem målgruppa.

  2. Sett tydelege mål for webinaret.

  3. Bestem innhaldet etter målgruppa, og lag eit budsjett. Tenk kreativt, og skap engasjement.

  4. Bestem forma på webinaret. Denne kan variere avhengig av om det er eit kurs, eit event, ein presentasjon av eit nytt produkt eller noko anna. Lange "einetalar" blir fort kjedelege.

  5. Lag ein tidsplan, og øv deg på førehand.

  6. Test gjerne ut delar av programmet før du går "live".

  7. Lag ein "plan B" for innslaga dine.

  8. Set dato og tidspunkt.
  9. Marknadsfør webinaret, send invitasjonar, og legg gjerne ved delar av programmet.
  10. Inkluder spørjeundersøkingar på slutten av webinaret ditt for å vite kva du gjorde bra, og kva som kunne blitt gjort betre.
Fleire tips til webinar som arrangement

I regi av Erasmus+ er det laga ei kjekk handbok som heiter Hvordan lage et webinar (Erasmus+).

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Arrangement og marknadsaktivitetar