Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor utarbeider vi marknadsplanar?

Marknadsplanen skal vere til hjelp og støtte bedrifta i å nå måla sine.
8 personar sit rundt eit bord og arbeider med PC-ar, notatblokker og kaffikoppar. Foto.

Marknadsplanen er òg eit hjelpemiddel, eit styringsverktøy, som skal sikre at vi gjennomfører dei riktige marknadsaktivitetane retta mot riktig målgruppe til riktig tid. Arbeidet med marknadsplanen hjelper oss til å tenkje gjennom kva som er riktig kanal for å nå målgruppa, og med å ha kontroll på kostnadene.

Kva kan skje om bedrifta ikkje har ein marknadsplan?

Dersom bedrifta ikkje har ein marknadsplan, er det fare for at bedrifta ikkje når måla sine.

God planlegging skal sikre at

  • bedrifta når måla sine
  • aktivitetane gir dei resultata bedrifta ønskjer
  • bedrifta har god kontroll over kostnadene
  • bedrifta når riktig målgruppe med riktig bodskap på riktig tidspunkt
  • bedrifta vel riktig kanal, ein kanal der dei veit at dei finn målgruppa
  • aktivitetane blir gjennomførte
Ei kvinne held opp ei stor teikning av ei lyspære. Foto.

Dersom bedrifta ikkje har ein plan for marknadsaktivitetane sine, kan det fort bli dyrt, både fordi dei ikkje har god nok kontroll på kostnadene, og fordi dei ikkje har sett tydelege mål om kva dei ønskjer å oppnå. Det kan òg vere uklart kven som har ansvaret for å gjennomføre aktivitetane, noko som i verste fall fører til at dei ikkje blir gjennomførte. Og korleis skal bedrifta vite om marknadsføringa var ein suksess, om det ikkje blei sett nokon mål til å byrje med?

Rullerande marknadsplan

I dag er det òg mange bedrifter som har det vi kallar ein rullerande marknadsplan. Ein rullerande marknadsplan er ein plan for aktivitetane for ein kortare periode enn eitt år. Marknadsplanen blir med andre ord oppdatert jamleg, til dømes kvart kvartal. I dag skjer endringar raskt, og for at bedrifta skal klare å tilpasse seg endringane, er tidshorisonten i planlegginga kort.

Eit døme på ei slik endring kan vere at ein konkurrent plutseleg senkar prisen på eit produkt bedrifta di òg tilbyr, og marknadsfører dette tungt i mange kanalar. Du ønskjer å svare med ein marknadsaktivitet for bedrifta di, sjølv om dette ikkje låg inne i planen. Med ein kortare tidshorisont i planlegginga kan du raskare snu deg rundt dersom situasjonen skulle endre seg.

Evaluering og erfaring

Etter at ein marknadsaktivitet er gjennomført, er det viktig å vurdere og analysere korleis det gjekk. Blei måla nådde, kva fungerte bra, og kva kan gjerast betre?

Skrivebord med Mac, utskrift av grafar, notatblokk og ein penn. Foto.

I dag skjer er ein stor del av marknadsføringa til ei bedrift i digitale kanalar, til dømes i nettaviser eller sosiale medium. I digitale kanalar får vi tilgang til mykje data om resultata av marknadsaktivitetane.

Vi kan hente ut data om til dømes

  • kor mange som såg annonsen
  • kor mange som klikka på annonsen
  • kor mange som klikka på annonsen, og kor mange som deretter fullførte eit kjøp eller tok kontakt med bedrifta

Du kan òg teste ulike bodskapar i annonsane dine og sjå kva bodskap som gir best resultat. Til dømes kan du bruke to ulike bilete for å sjå kva som genererer flest klikk til nettsida di. Eller kan du teste to ulike tekstar for å sjå om ein av dei gir meir sal. Du kan òg teste ulike kombinasjonar av tekst og bilete.

Dette er verdifull informasjon og erfaring som kan hjelpe deg i planlegginga av neste aktivitet eller marknadsplanen for neste år slik at du får endå betre resultat.

CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 04.04.2020

Læringsressursar

Marknadsplan