Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

PåPåler AS – målgruppe- og situasjonsanalyse

Per og Pål Meyer starta opp PåPåler AS, eit nytt reiselivskonsept som byrjar å bli klart for oppstart. Ideen til konseptet fekk dei to friluftsinteresserte gutane då dei var på padletur i Amazonas. Gutane treng hjelp til å lage ein marknadsplan og har spurt dykk om hjelp.
Hytte på stolpar i Amazonas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon

PåPåler AS er snart klare til å lansere det nye reiselivskonseptet sitt med pålehytter i ei elv nær dykk. Hyttene er opne for gjestar frå mai til oktober. For å kome til hyttene må gjestane bruke kano eller kajakk. Hyttene er ikkje knytte til bilveg. Hyttene har enkel standard, men likevel eit lekkert design. Det er naturopplevinga som står i fokus.

Gründerane er byggutdanna og har ikkje så mykje kunnskap om sal og marknadsføring. Dei tenkjer i første omgang å teste konseptet i den norske marknaden og så lansere det i Europa. Men dei er ikkje heilt sikre på kven som er i målgruppa, og heller ikkje korleis dei skal nå ut til dei ulike segmenta med konseptet sitt.

Dei har eit mål om å oppnå 80 prosent belegg den første sesongen.

PåPåler har bede dykk om hjelp til å finne målgrupper, å segmentere marknaden og å lage ein situasjonsanalyse.

Oppgåve 1

De har takka ja til oppdraget med å lage ein marknadsplan og har bestemt dykk for å jobbe i grupper på tre. De må lage eigne føresetnader der de treng det.

To menn i kano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Lag ein situasjonanalyse

Tips

Situasjonanalysen skal beskrive og analysere marknadssituasjonen i dag. Føremålet er vise kva arbeidsvilkår PåPåler må forhalde seg til og planleggje ut frå. Han skal vise dei sterke og svake sidene til PåPåler (dei interne arbeidsvilkåra) og kva moglegheiter og trugslar dei har (dei eksterne arbeidsvilkåra).

Til dømes er det ein styrke at konseptet er innovativ og unikt, og ei svakheit er at verken Per eller Pål har erfaring frå å drive ei reiselivsbedrift. Trugslar er kva konkurrentane gjer, og moglegheiter kan vere at konseptet er unikt og naturbasert.

Del 2: Finn målgruppa og segmenter marknaden

Tips

Kva kundegrupper skal dei satse på? Kva delar av befolkninga er mest interesserte i produktet? Å segmentere marknaden vil seie å dele marknaden opp i mindre segment (delar), som kvar for seg har visse fellestrekk. De kan til dømes dele målgruppene opp i fiskeinteresserte, barnefamiliar, miljømedvitne bybuarar og padlarar. Her kan de vidare definere personlegdomstrekk og interesser.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Marknadsplan