Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av analyseverktøy – mål og målsporing i digitale kanalar

I dag går veldig mange av marknadsaktivitetane til ei bedrift føre seg i digitale kanalar. Ein digital kanal er ein kanal som er online (på nett), i motsetning til offline-kanaler, som papiraviser og reklame i posten.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I digitale kanalar har vi gode verktøy for å kunne måle åtferda til kundane våre.

Google Analytics

Gjennom verktøyet Google Analytics, og ved bruk av sporingskapslar, kan vi få innsikt i kor mange som har besøkt nettstaden vår. Vi kan òg sjå kvar dei kom frå, og om dei handla i nettbutikken vår. Vi kan finne demografiske data (kjønn og alder), og vi kan sjå kvar dei held til geografisk. Vi kan òg sjå kva sider dei har besøkt, og om dei har sendt inn eit kontaktskjema.

Google Analytics på eit nettbrett. Foto.

Ved hjelp av annonseringverktøy, som Google Ads eller Facebook Ads Manager, kan vi sjå kor mange brukarar som har blitt viste ein annonse, kor mange som klikka på han, og kor mange som har kjøpt frå nettstaden etter at dei først har klikka på annonsen.

Korleis fungerer ein sporingskapsel?

Ein sporingskapsel er ei bitte lita tekstfil som blir lagra på datamaskinen, mobilen eller nettbrettet vårt når vi vitjar ein nettstad. Tekstfilen inneheld adressa til nettstaden og ein kode. Denne koden sender nettlesaren vår tilbake til nettstaden kvar gong vi besøkjer ei av sidene på nettstaden.

Korleis bruker vi Google Analytics?

Google Analytics er eit verktøy som sporar og rapporterer trafikken inn til nettstaden vår. Verktøyet er gratis og blir installert med ein liten kode som blir lagd inn på nettstaden. I tillegg til at det fangar opp ulike kjelder til trafikk, kan vi òg spore kva dei besøkjande gjer på nettstaden.

Til dømes kan vi spore klikk på knappar og innsending av skjema, klikk og nedlasting av pdf-filer, klikk på telefonknappar, sal i nettbutikk og påmelding til nyheitsbrev. Vi kan sjå kor lenge dei har vore inne på ei side, og korleis dei beveger seg mellom sidene.

Vi kan òg hente ut statistikk som viser kjønn, alder og kvar dei som vitjar nettstaden vår, er i verda. I tillegg kan vi sjå om dei vitja nettstaden med datamaskin (stasjonær PC eller laptop), mobil eller nettbrett. Dette er informasjon vi kan bruke når vi jobbar med målgrupper.

Google Analytics og personvern

Google Analytics samlar mykje og verdifull data. Dette kan vi bruke til å analysere korleis nettstaden fungerer, og vurdere om vi burde gjere forbetringar.

Når vi set opp ein sporingskapsel på ein nettstad, blir all data anonymisert. Vi kan altså ikkje hente ut informasjon om ein spesifikk brukar.

Setje målbare delmål i Google Analytics

Biletet under er henta frå ein demo-konto i Google Analytics og viser korleis trafikken til ein nettstad har utvikla seg over tid jamført med året før.

Biletet er henta frå ein Google Analytics-konto og viser kor mykje trafikk som har kome til nettstaden i ein periode, jamført med same periode året før. Biletet viser òg kor mange av brukarane som er nye brukarar, kor mange gonger kvar brukar har vitja sida, og kor mange sider på nettstaden dei har vitja.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi planlegg digitale marknadsaktivitetar i marknadsplanen vår, er det vanleg å setje konkrete og målbare delmål, eller KPI-ar (key performance indicator), som vi kan følgje i Google Analytics. Då er det lettare å vurdere om ein kampanje har den effekten vi ønskjer. Døme på slike mål kan vere

  • talet på nye besøk på nettstaden
  • talet på innsende kontaktskjema
  • talet på klikk på telefonnummer
  • talet på kjøp i nettbutikken
  • storleiken på kjøp i nettbutikken

Korleis måle effekten av annonsering?

Mange bedrifter viser annonsar i sosiale medium. Eit døme kan vere eit hotell som har ein annonsekampanje på Facebook for familiehelg i påska. Når vi planlegg kampanjen, set vi eit budsjett for kor mykje kampanjen skal koste, og vi set eit mål for kva kampanjen skal generere av inntekter.

Scrabble-bokstavar stavar ordet Facebook. Foto.

Når vi annonserer på Facebook, kan vi måle kor mange som har sett annonsen, kor mange som har klikka på han, kor mange som har vitja nettstaden, kor mange som har bestilt familiehelg, og verdien av kvar bestilling.

Etter at ein kampanje er over, kan vi derfor seie noko om kampanjen var vellykka eller ikkje. Selde vi for meir enn det kampanjen kosta? Nådde vi målet vi sette oss for kampanjen? For dette hotellet var denne kampanjen med på å auke både omsetninga og talet på nye kundar. Då var han òg med på å støtte det overordna marknadsmålet til bedrifta.

Optimalisering av kampanjar

Når vi jobbar med marknadsføring i digitale kanalar, har vi moglegheit til å gjere justeringar på kampanjen undervegs. Vi kan justere bilete, tekst, lage nye målgrupper og meir.

Fordi vi kan vere fleksible, er det smart å teste med ulike bodskapar eller bilete i annonsane. Då kan vi sjå kva bodskapar eller bilde som gir best resultat, og prioritere dei vidare i kampanjen.

Til dømes kan vi bruke to ulike bilete for å sjå kva som genererer flest klikk til nettsida. Vi kan òg teste om annonsane fører til meir sal når vi nemner «X % avslag», samanlikna med «X kr i avslag». Vi testar med andre ord ulike kombinasjonar av tekst og bilete for å sjå kva som gir best resultat.

På denne måten blir vi betre kjende med målgruppa vår, og veit meir om kva slags bodskapar og bilete dei liker. Det kan vi bruke i etterkant når vi planlegg andre marknadsaktivitetar og lagar marknadsplanen for neste år.

Målgrupper i digitale kanalar

I digitale kanalar har vi òg fleire verktøy for å finne informasjon om målgruppene våre. Har vi ein nettstad og bruker analyseverktøyet Google Analytics, kan vi hente ut informasjon om kjønnet, alderen og interessene til brukarane og kvar dei held til. Det same kan vi gjere for dei som følgjer oss på Facebook.

Kollasj med forskjellige menneske som bruker digitale verktøy. Foto.

Jo meir vi veit om målgruppa vår, jo betre kan vi tilpasse kampanjeaktivitetane. Då er det òg meir sannsynleg at kampanjen treffer og blir ein suksess.

CC BY-SASkrive av Anette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 09.05.2020

Læringsressursar

Marknadsplan