Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsmål og korleis vi måler

Har du nokon gong sett deg eit mål, til dømes å forbetre karakteren din i eit fag? På same måte set òg styret og leiinga i ei bedrift mål for bedrifta. Måla seier noko om korleis styret og leiinga ønskjer at bedrifta skal utvikle seg.
Ein dresskledd mann teiknar ein graf som går oppover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er marknadsmål?

Marknadsmål er mål bedrifta set for marknadsføringsarbeidet. Ei bedrift kan òg ha andre typar mål, til dømes mål om å

  • forbetre arbeidsmiljøet
  • redusere kostnader
  • vere meir miljøvennlege

Uansett kva mål bedrifta set, må dei lage ein plan med tiltak for å nå måla.

Døme på marknadsmål:

  • vekst i omsetning
  • vekst i marknadsdel
  • vekst i talet på nye kundar
  • høgare kundetilfredsheit
  • høgare kundelojalitet (ta vare på og selje meir til eksisterande kundar)

Måla må vere:

  • talfesta – vi må vite kvar vi skal
  • realistiske – måla må vere moglege å oppnå
  • tidsavgrenset – det må vere ein frist for når måla skal vere oppnådd

Når vi jobbar med marknadsplanen og marknadsaktivitetar, bryt vi gjerne marknadsmålet til bedrifta ned til mindre og meir målbare mål. Viss målet er ein vekst på X prosent i løpet av eit år, kan vi bryte det ned til delmål for ein kortare periode.

Marknadsaktivitet

Marknadsaktivitetar er tiltak for å nå marknadsmåla, og dei blir utarbeidde gjennom marknadsplanen.

Ein marknadsaktivitet kan vere å annonsere i ulike kanalar, til dømes på TV, i sosiale medium eller i ei nettavis. Det kan òg vere å delta på ei messe, sende ut nyheitsbrev eller setje opp ein salsplakat.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er summen av alle aktivitetane i marknadsplanen som skal bidra til at marknadsmåla blir nådde.

Ulike mål for ulike marknadsføringsaktivitetar

I 2019 skifta NSB (Noregs Statsbanar) namn til Vy. I samband med namneskiftet blei det lansert ein stor marknadsføringskampanje. Målet med denne kampanjen var ikkje å selje fleire billettar. Målet var at flest mogleg skulle kjenne til det nye namnet. Når vi jobbar med planlegginga av marknadsaktivitetar, må vi tenkje gjennom kva som er målet med aktivitetane.

Aktivitetane deler vi gjerne inn etter kva målet med dei er:

  • å auke kjennskapen (byggje ei merkevare)
  • å auke salet av ei vare eller ei teneste (salskampanjar)
  • å informere om endringar og nyheiter

I dømet med Vy ønskte bedrifta både å auke kjennskapen til Vy som merkenamn og å informere om det nye namnet.

KPI – konkrete delmål for marknadsaktivitetane

Marknadsmåla er ofte overordna mål vi ønskjer å oppnå gjennom fleire aktivitetar over tid.

I marknadsplanen ønskjer vi å setje meir konkrete og målbare delmål for kvar marknadsaktivitet. Kvart delmål er eit mål på vegen for å nå dei overordna måla.

Skrivebord med Mac, utskrift av grafar, notatblokk og ein penn. Foto.

Døme på ulike delmål kan vere å auke

  • talet på følgjarar på Facebook eller Instagram
  • talet på nye besøkjande til nettsidene våre
  • talet på innsende kontaktskjema eller førespurnader til bedrifta
  • talet på klikk på eit telefonnummer
  • talet på nye kundar som handlar i nettbutikken vår eller tek kontakt via nettsida vår
  • verdien av kvar handel, hos både eksisterande og nye kundar

Eit slikt delmål kallar vi ofte for ein KPI («key performance indicator»).

Korleis kan vi måle kjennskapen til ei bedrift?

Du har heilt sikkert sett annonsar for ulike bedrifter når du har vore på YouTube. Som bedrift ønskjer vi å teste om annonsane våre bidreg til å auke kor mange som kjenner til bedrifta vår.

For å måle kjennskapen til ei bedrift kan YouTube spørje brukarane sine om dei kjenner til akkurat den og den bedrifta. Dette kan dei gjere for to grupper som er ganske like (same alder, kjønn, interesser og så vidare). Forskjellen mellom dei to gruppene er at den eine gruppa har blitt vist annonsar for bedrifta på YouTube, medan den andre ikkje har det.

Ved å analysere forskjellen på svara mellom dei to gruppene kan YouTube seie noko om korleis annonsane har bidrege til å auke kjennskapen til bedrifta. På den måten kan vi sjå om annonsane har vore med på å påverke kjennskapen til bedrifta vår.

Det er òg mogleg å måle kjennskap gjennom spørjeundersøkingar. Det finst mange selskap som tilbyr slike tenester. Då blir undersøkingane gjennomførte via telefon, spørjeskjema på e-post eller via ei nettside.

Korleis måle auke i sal og førespurnader?

Sal og førespurnader til bedrifta kan målast med fleire kjelder. Éi kjelde er rekneskapen til bedrifta. Ei anna kjelde er førespurnader til salsavdelinga, som registrerer sal eller førespurnader i systema sine.

Ein kalkulator og ein penn ligg på eit budsjettark. Foto.

I ein nettbutikk kan vi måle sal, førespurnader og talet på nye kundar med analyseverktøy i nettbutikken. På same måte er det enkelt å måle klikk på telefonnummer, nye kundar som besøkjer og handlar på nettsida, verdien av kvar handel eller påmeldingar til nyheitsbrev.

Måla vi set for sosiale medium, som Facebook og Instagram, kan vi følgje opp med analyseverktøya dei sosiale media tilbyr.

CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Marknadsplan