Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

PåPåler AS – marknadsstrategi

Per og Pål Meyer starta opp PåPåler AS, eit nytt reiselivskonsept som byrjar å bli klart til lansering. Ideen til konseptet fekk dei to friluftsinteresserte gutane då dei var på padletur i Amazonas. Gutane treng hjelp til å lage ein marknadsstrategi og har spurt dykk om hjelp.
Hytte på stolpar i Amazonas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PåPåler AS er snart klare til å lansere det nye reiselivskonseptet sitt med pålehytter i ei elv nær dykk. Hyttene er opne for gjestar frå mai til oktober. For å komme til hyttene må gjestane bruke kano eller kajakk. Hyttene er ikkje knytte til bilveg. Hyttene har enkel standard, men likevel eit lekkert design. Det er naturopplevinga som står i fokus.

Gründerane er byggutdanna og har ikkje så mykje kunnskap om sal og marknadsføring. Dei tenkjer i første omgang å teste konseptet i den norske marknaden og så lansere det i Europa. Men dei er ikkje heilt sikre på korleis marknadsstrategien skal sjå ut. Dei har bede dykk om hjelp til denne oppgåva.

Ulike symbol for marknadsføring på internett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

De har takka ja til oppdraget med å lage ein marknadsstrategi og har bestemt dykk for å jobbe i grupper på tre. Her er det berre fantasien som set grenser, og de må lage eigne føresetnader der de treng det.

To menn i kano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Lag ein marknadsstrategi

Marknadsstrategien skal seie noko om kva PåPåler tilbyr, kva som er fordelane eller det unike med produktet (som pris og kvalitet), korleis det skal seljast, kva marknadsføring som skal prioriterast, og korleis kundane skal betenast (service).

  • Konkurransemidla pris, produkt, påverknad, plass og personale (dei fem p-ane) er eit godt verktøy i dette arbeidet.
  • Vel kva marknadsføringskanalar som skal brukast for å nå kva målgrupper, og grunngi vala.
  • Lag ein eigen strategi for marknadsføring i sosiale medium.

Del 2: Lag eit nyheitsbrev

Nyheitsbrevet skal sendast til Turistforeningen og til turistkontor rundt om i Noreg for å skape merksemd om det nye reiselivskonseptet.

Del 3: Planlegg marknadsaktivitetane

Lag ein aktivitetsplan for PåPåler. Planen skal vise følgjande:

  • Kva marknadsaktivitetar skal de gjennomføre?
  • Kva er målet med aktivitetane?
  • Kor mykje skal aktivitetane koste?
  • Når skal aktivitetane gjennomførast?
  • Kven ønskjer de å nå med aktivitetane (målgrupper)?
  • Kva skal de seie til målgruppene – kva er bodskapen?
  • Kva kanalar skal de bruke (Facebook, nettaviser, lokale/nasjonale reiselivsnettstader)?
  • Kven har ansvar for gjennomføringa av aktivitetane?
  • Korleis skal de jobbe med kundereisene, og kven er ansvarleg for dette?

Relatert innhald

Om bruk av konkurransemidla produkt, pris, plassering, personale og påverknad i merkevarebygging.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Marknadsplan