Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av marknadsaktivitetar

Marknadsaktivitetar er ein viktig del av marknadsplanen. Det er ei konkret skildring av dei aktivitetane vi ønskjer å gjennomføre i løpet av ein gitt tidsperiode. Det vanlegaste er å planleggje marknadsaktivitetar for eitt år om gongen.

Kva bør ein aktivitetsplan innehalde?

Her er spørsmål vi kan stille oss sjølv når vi jobbar med å planleggje aktivitetane i marknadsplanen:

  • Kva aktivitetar skal vi gjennomføre?
  • Kva mål har vi for aktivitetane?
  • Kor mykje skal dei koste?
  • Når skal vi gjennomføre aktivitetane?
  • Kven ønskjer vi å nå med aktivitetane (målgrupper)?
  • Kva vil vi seie til målgruppene – kva er bodskapen vår?
  • Kva kanalar skal vi bruke (til dømes Facebook, nettavis, plakatar)?
  • Kven har ansvar for gjennomføringa?

Hugs at rammene for marknadsplanen må vere med på å styre aktivitetane vi planlegg.

Kva er ein marknadsaktivitet?

Ein marknadsaktivitet er ein aktivitet der vi i ulike kanalar rettar oss mot dei vi meiner kan vere interesserte i produkta vi tilbyr. Skal vi prøve å nå ut til nye kundar, eller skal vi snakke med eksisterande kundar?

I nokre bransjar er det veldig viktig å halde kontakten med eksisterande kundar. Nnettbutikkar som sel til dømes sminke og klede, tener gode pengar på å kommunisere med kundar som har kjøpt tidlegare. Kvar er det mest å hente for bedrifta vår?

Her er nokre døme på marknadsaktivitetar:

  • annonsere i ulike kanalar, som papiraviser, magasin, TV og radio
  • annonsere i digitale kanalar, som nettaviser, andre nettstader, Google, YouTube, eller i sosiale medium som Facebook, Instagram og Snapchat
  • dele innlegg i sosiale medium
  • delta på messer
  • annonsere på skjermar, til dømes på flyplassar
  • sende ut nyheitsbrev på e-post
  • sende ut reklame i postkassa eller som innstikk i ei papiravis
  • halde frukostmøte, seminar eller andre typar arrangement
  • hengje opp ein plakat i eit butikkvindauge
  • samarbeide med ein influensar i sosiale medium eller på ein blogg
Reklameskilt og reklameskjermar på Times Square. Foto.

Kor lenge varer ein marknadsaktivitet?

Ein marknadsaktivitet kan vere ein aktivitet som går kontinuerleg, eller det kan vere ein kampanje i ein kortare periode. Ofte kan ein marknadsaktivitet gjerast i fleire kanalar samtidig, avhengig av kven vi ønskjer å nå og i kva kanalar vi treffer dei mest effektivt med bodskapen.

Døme på ein kontinuerleg marknadsaktivitet

Når nokon søkjer på Google eller ein annan søkjemotor, leitar dei ofte etter ei løysing på eit problem eller svar på eit spørsmål. Løysinga kan vere ei vare (ein kjole til eit spesielt høve, ein terrengsykkel, ein bil) eller ei teneste (ein frisør, tenester frå eit alarmselskap eller eit besøk på ein restaurant).

PC med nettsida til Google oppe. Foto.

Tenk gjennom

Når du søkjer på Google, kor ofte blar du vidare til side to, tre eller fire med søkjeresultat?

Tal frå Google viser at vi som regel vel blant dei fire–fem øvste resultata når vi googlar. Dersom bedrifta vår ikkje dukkar opp på den første sida med resultat, er det lite sannsynleg at vi blir valde.

Personar som søkjar, er ofte nærare å ha bestemt seg for å kjøpe noko. Derfor annonserer mange bedrifter blant søkjeresultata på Google heile året. Ein marknadsaktivitet som går føre seg kontinuerleg, blir ofte kalla ein «always on»- eller «alltid på»-aktivitet.

Døme frå ein annonse blant søkjeresultat på Google

Google-annonse. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kortare kampanjeaktivitetar

Det motsette av ein kontinuerleg marknadsaktivitet er ein kampanjeaktivitet. Ein marknadsføringskampanje varer som regel i ein kortare periode, til dømes fire til seks veker.

Når vi planlegg marknadsføringskampanjar, er tidspunktet for når kampanjen skal gjennomførast, viktig. Det er til dømes lite sannsynleg at ein kampanje for badetøy i desember vil vere spesielt vellykka i Noreg.

CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 04.04.2020

Læringsressursar

Marknadsplan