Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsmål for ein leverandør av mobiltenester

Det er viktig for ei bedrift å setje seg mål, for det viser retninga bedrifta skal gå i. Klare mål viser òg dei tilsette kva dei skal arbeide for, og det hjelper dei til å gjere ein betre jobb.
Raud tråd med start og mål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsmål er dei måla ei bedrift set for marknadsføringa, og poenget med å setje slike mål er at bedrifta skal ha noko å strekkje seg etter.

Oppgåve

Her skal du formulere nokre marknadsmål for ei oppdikta bedrift som tilbyr mobiltenester. Bruk fantasien, og lag eigne føresetnader.

Inntektsmål

  • Finn tal for omsetning og overskot for leverandørar av mobiltenester i Noreg. Deretter set du eigne marknadsmål for kor stor omsetninga til bedrifta di skal vere, og kor stort overskot du vil ha.
  • Grunngi målet ditt.

Marknadsdel

Her dreier det seg om å slåst om dei kundane som allereie bruker mobiltelefon.

  • Kor stor del av marknaden skal du ta? Skal du bli ein gigant som Telenor, eller nøyer du deg med å vere ein liten utfordrar som OneCall?
  • Finn fram til tal for marknadsdelar i marknaden i dag, og formuler di eiga målsetjing.
  • Grunngi målet ditt.

Nye kundar

Du kan òg setje deg mål for kor fort du ønskjer at marknaden din skal vekse. Her gjeld det å få endå fleire til å byrje å bruke mobiltelefon – altså skaffe nye kundar som ikkje bruker mobil i dag.

  • Kor mange nye kundar trur du det er realistisk å kunne få? Kven er det som ikkje har mobil i dag?
  • Grunngi målet ditt.
Ei ung jente snakkar i mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kundetilfredsheit

Tilfredse kundar er lojale kundar.

  • Søk deg fram til informasjon om kundetilfredsheita hos dei eksisterande leverandørane av mobiltenester.
  • Kor fornøgde skal kundane dine vere? Kor viktig er det for deg at dei faktisk er fornøgde? Og kor fornøgde er kundane med konkurrentane – kanskje kan du bli betre enn dei?
  • Grunngi målet ditt.

Kundelojalitet

Det er dyrt å skaffe seg nye kundar, og det kan derfor vere lønsamt å ha kundar som er lojale.

  • Kor lojale kundar ønskjer du?
  • Er det viktig for deg at ein kunde som har handla hos deg, kjem tilbake til deg neste gong, eller er det greitt at han går til konkurrenten?
  • Grunngi svaret ditt.
Aktuelle søkjeord og lenkjer

proff. no – søk på til dømes Telenor

Søkeord:

marknadsdel mobilleverandørar

abonnentar mobilleverandørar

kundar mobiltenester

kundelojalitet mobiltenester

kundetilfredsheit mobiltenester

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen, Tone Hadler-Olsen og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Marknadsplan