PåPåler AS – bodskapen
PåPåler AS er snart klare til å lansere det nye reiselivskonseptet sitt med pålehytter i ei elv nær dykk. Hyttene er opne for gjestar frå mai til oktober. For å kome til hyttene må gjestane bruke kano eller kajakk. Hyttene er ikkje knytte til bilveg. Hyttene har enkel standard, men likevel eit lekkert design. Det er naturopplevinga som står i fokus.
Gründerane er byggutdanna og har ikkje så mykje kunnskap om sal og marknadsføring. Dei tenkjer i første omgang å teste konseptet i den norske marknaden og så lansere det i Europa. Men dei er ikkje heilt sikre på korleis dei skal formulere bodskapen for å nå målgruppene sine. Dei har bede dykk om hjelp til denne oppgåva.
De har takka ja til oppdraget med å formulere ein bodskap som treffer, og har bestemt dykk for å jobbe i grupper på tre. De må lage eigne føresetnader der de treng det.
Per og Pål ønskjer å nå ut til målgruppa si med ein bodskap om at hyttene er unike, og at det er eit berekraftig reiselivskonsept. Dei er sjølve veldig glade i naturen og ønskjer at gjestane òg skal oppleve denne gleda.
I reklamesamanheng er bodskapen ofte utforma som ein annonse med tekst, grafikk og bilete, eller som ein reklamefilm.
Formuler bodskapen
- Det må kome tydeleg fram kva som er unikt med konseptet.
- Beskriv PåPålers «unike salspoeng» (USP-ar).
- Bestem om det skal vere ulike bodskapar til ulike målgrupper. Bruk gjerne personas i dette arbeidet.
Relatert innhald
For å nå målgruppa må vi ha ein bodskap og utforme annonsane slik at dei blir lagde merke til. Målgruppa skal ønskje å vite meir eller ønskje å kjøpe.